Hydrogenfabrikk på Holmaneset

Dei siste åra har det vore nedgang både i folketal og fødselstal i Bremanger kommune. Frå at vi på starten av 2000-talet har hatt eit relativt stabilt folketal på rundt 4.000, har vi frå 2014 til 2023 hatt ein nedgang i folketalet frå 3.950 til 3.482. Frå 2000 til 2010 var gjennomsnittleg årleg fødselstal 42, mens det i 2022 i følgje SSB var født 19 barn i heile kommunen. Denne nedgangen kan gi utfordringar for læringsmiljø, men også for fritidsaktivitetar då det for eksempel kan bli vanskeleg å ha nok spelarar til aldersbestemte fotballag. Framover blir det svært viktig å finne tiltak for å snu denne utviklinga, noko eg trur alle er einig om, uavhengig av kva ein meiner om hydrogenfabrikk på Holmaneset.

Eg meiner at ein del av løysinga for å snu denne utviklinga er å legge til rette for næringsutvikling og nye arbeidsplassar. Her er hydrogenfabrikk på Holmaneset eit stort prosjekt som forventar å gi 35 til 70 arbeidsplassar. Kvar industriarbeidsplass genererer opp mot tre arbeidsplassar blant underleverandørar og offentleg tenesteyting, slik at her vil det bli mange nye arbeidsplassar som igjen kan gi tilflytting.

Ved etablering av ein ny fabrikk vil det bli mange ledige arbeidsplassar på ein gong, i tillegg til at eksisterande bedrifter og kommunen i periodar vil ha ledige arbeidsplassar. Dette vil gjere at det blir enklare å finne «jobb for to» for par som flyttar hit då det vil vere fleire arbeidsplassar å velje i og større variasjon i type arbeidsplassar. Ved så mange ledige arbeidsplassar vil det også bli avgjerande å ha gode lærling- og traineeordningar for å rekruttere nyutdanna arbeidskraft. Her kan ein etablere samarbeid mellom bedriftene i Svelgen slik at ein også får eit godt sosialt tilbod og nettverk på fritida.

Då eg var nyutdanna deltok eg i trainee-ordninga til Framtidsfylket og her blei eg kjent med mange andre nyutdanna i ulike bedrifter gjennom både faglege og sosiale samlingar. Ved å etablere gode ordningar for lærlingar og andre nyutdanna vil ein kunne rekruttere nyutdanna frå heile landet i tillegg til lokal ungdom. Her vil nok ein del etter kvart flytte vidare då ein i dag i større grad flyttar på seg og skiftar arbeid enn tidlegare. Ein del vil også etablere seg her, både av lokal ungdom, men også personar frå andre plassar i landet. Eit eksempel på dette er sambuaren min som opprinneleg er frå Tana. Ho starta for nokre år sidan i trainee-ordninga til Elkem der ho i tillegg til å jobbe i Svelgen også jobba ved Elkem sine verk i Salten og Kristiansand. Vi blei kjente mens ho jobba i Svelgen, og i dag har vi etablert oss som barnefamilie i Svelgen. Det er også fleire andre eksempel på folk som flyttar til Svelgen på grunn av jobb og etter kvart har etablert seg her.

For å få folk til å bli verande i Svelgen er det viktig med eit godt fritidstilbod, noko dei mange frivillige organisasjonane bidrar til. Det vi derimot treng er byggeklare attraktive tomter og eit nytt badebasseng. Her må vi utfordre FFI på kva dei kan forplikte seg til å bidra med slik at vi får realisert desse tinga. Her må ein også sjå på kva som kan gjerast for å få fortgang i prosjektet fv614 Svelgen – Indrehus, og her trur eg ei ny fabrikketablering vil vere positivt.

Det er også mange argument mot å bygge hydrogenfabrikk på Holmaneset og desse vil komme fram i arbeidet med konsekvensutgreiing, og risiko og sårbarheitsanalyse. Når alle dei negative konsekvensane er kartlagt kan det vere at eg meiner at dei negative konsekvensane er større enn dei positive.

Det store kraftforbruket er trekt fram som negativt, og eg er einig i at ein kan stille spørsmål ved om det er rett å bruke så mykje kraft til å produsere hydrogen og ammoniakk. Dette er derimot ikkje noko vi som lokalpolitikarar avgjer. For oss er spørsmålet om krafta skal brukast til å skape arbeidsplassar lokalt, eller om den skal sendast andre plassar etter kvart som linjenettet blir utbygd. Vestland fylkeskommune har i sitt innspel påpeika at to prosent av verdas fossile energiforbruk går til produksjon av ammoniakk, og dette kan erstattast av grøn ammoniakk.

God sikkerheit utan fare for menneske er avgjerande for å bygge ein slik fabrikk. Dersom ein ikkje kan garantere for sikkerheita vil sjølvsagt eg også seie nei til dette prosjektet. I dette arbeidet vil Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap vere sterkt involvert.

Bruk av store areal og konsekvens for natur og utsikt er eit argument mot bygging av fabrikk som eg har stor forståing for. Derfor meiner vi i Senterpartiet at vatn og kraftkablar må førast fram via sjø. Vi har også spelt inn at ein bør trekke tiltaket lenger inn på land og mot Djupevika slik at ein kan spare dei tre holmane og Holmesundet som har viktige marine naturtypar. På denne måten vil ein også auke avstanden til fastbuande, og anlegget vil bli mindre synleg. Her vil ein også komme nærmare industriområdet ved gamle bossomnen, noko som kan bidra til ny næring frå biprodukt som varmtvatn og oksygen. Eit eksempel på dette er vist i vedlagt bilde. Dette området på 160.000 m2 er større enn behovet FFI har estimert. I dette alternativet må ein legge fv614 i tunell forbi området. I tillegg til dette må ein sjå på korleis ein kan bruke fargar og arkitektur slik at anlegget passar best mogeleg inn i terrenget.

Tida framover blir spennande knytt til kva som skjer med prosjektet på Holmaneset, men også mange andre saker. Her meiner eg det ligg store mogelegheiter for å legge til rette for variert næring og gode og attraktive nærmiljø, slik at vi kan snu den negative utviklinga i barnetal. Her vil blant anna Senterpartiet innføre gratis barnehage i neste kommunestyreperiode.

Skjermdump kart frå Tor-Inge Ø. Myrhol. Foto: Kart