Krigsfrykt

Nei, det er ingen grunn til å frykte krig i Noreg. Ja, vi nordmenn må bu oss på krig, slik stoda er i Europa, seier andre som sit høgt der oppe. Kva skal vi innbyggjarar tru? Kven skal vi lytte til når våpensmiene går for fullt og bomber fell?

Men vi bur oss ikkje til fred i alle fall. Verdas mest lønsame industri spyr ut enorme mengder ammunisjon og anna dei kallar «forsvarsmateriell». NATO er den mest vellukka alliansen i verda gjennom syttifem år, seier Stoltenberg. Vi har skapt fred i Europa. Alliansen utvidast austover. Vi er og vitande om alt NATO og Noreg har vore med på, at dei rømte frå Afghanistan med halen mellom beina etter massiv krig mot Taliban der. Krigen i Libya er eit anna lite bra kapittel.

Russland har gått til åtak på frie Ukraina, starta ein ny krig i Europa der soldatar skal bombe og drepe seg fram til siger. Slik er det konfliktar ikkje skal løysast, men forsvarskrigen må støttast mot diktaturet til vesle Putin som no og har teke livet av den store Aleksej Navalnyj.

Men kan vi lenger ha tru at på at meir bomber og krut gir verda fred? Den mantraen vert vi plaffa ned med frå mange politikarar og frå det «militærindustrielle kompleks». Verda brukar no 2,4 billionar dollar skattepengar til opprusting pr. år. Og atomvåpena står klare i kulissane. Tenk kva berre halvparten av ressursane kunne ha vore nytta til!

Nei, vi må ikkje skremme folk med at det kan vere fare for krig, men berre be folket ha litt ekstra mat og vatn for nokre dagar, så går det bra. Det roar ingen. Noreg bruker over 90 milliardar kroner til det militære forsvaret vårt. Men kvar er tilfluktsromma rundt om for oss sivile? Vi kan vel trenge dei.

Utan stadig større og friske fiendebilete, ingen blomstrande krigsindustri. Difor må vi, folket, heile tida frykte det verste og støtte opp om at våpen er vegen til ei fredeleg verd. Difor må folket verte mentalt militariserte. Men vi kan ikkje vere ukritiske til dette.

Ikkje-valdsforsvar er mest ikkje eksisterande her i landet, det å lære oss innbyggjarar opp til sivilmotstand utan våpen. Det er fy-fy i dei fleste politiske kretsar. Kunnskapen om ikkje-valdsforsvarsmetodar er mest borte. Difor må våre ungdomar kunne delta, meiner eg, i inntil eitt år i samfunnsteneste der ikkje-valdskamp og er ein del av opplæringa. I ein krigssituasjon vil kunnskap om sivil motstand hos sivile vere svært viktig.

Stoltenberg-regjeringa fjerna siviltenesta, men sette ikkje inn noko betre i staden. Då var det betre å lokke unge kvinner inn i militærteneste, lære dei og å krige. Jenter lét seg lokke. Mottoet ser ut til å vere: Viss du vil ha fred, ver med og førebu deg på krig. Det er berre ein veg til fred, sa kloke Gandhi: Fred er vegen.

Vi rustar opp. Politikarar kappast om å auke militærbudsjettet. Dette skjer mens vi mistar trua på FN, på Tryggleiksrådet. I tallause tv-innslag vert krigshandlingar forklarte nærast som normale hendingar av uniformerte ekspertar. Det er vanskeleg å tenke nytt. Men det eg har merka meg at det ikkje lenger heiter å drepe, men å «nøytralisere» eller å «ta ut» fiendar. Mindre blodige dei orda.

Vi i Vesten skal tru vi alltid står på rett side som moralens og fredens vaktarar. Men Noreg er sjølvsagt ingen tydeleg fredsnasjon, sjølv om vi trur det aldri så mykje. Vi investerer i eigen og andre sin våpenindustri, heng med på NATO-galoppen, men vi vil gjerne mekle mellom stridande partar med den andre handa.

Om ikkje eg reelt skal frykte krig, må eg kunne sjå ein veg fram til eit nytt humanistisk paradigme – ei ny verdsordning – ein veg til ein nasjonal og internasjonal omforeint global fredskultur.

Det synest framleis å vere ein illusjon. Men vi må ha ein slik draum, noko vi saman i konkret handling nasjonalt og internasjonalt må gjere meir for å realisere, ikkje minst for dei som kjem i fotspora våre i vår noverande stadig meir rusta opp verd med krig og klimakrise.

For alternativet er så mykje verre.