Dreg du den, så dreg du den

Eg meiner å hugse at vi i småskulen las historia om kona som skulle køyre eit lass med staur. Ho var usikker på kor mykje hesten drog, men tenkte som slik at «dreg du den, så dreg du den». Til slutt var lasset så stort at hesten ikkje fekk det av flekken. Dermed fann ho ut at «dreg du ikkje den, så dreg du ikkje den heller. Like til kjerra var tom.

Våre styrande har funne ut at dei såkalla «laksebaronane» ikkje yter nok i felleskassen. Store overskot – populært kalla superprofitt – nærmast ropar etter høgare skattlegging. Dermed kjem ein opp med omgrepet «grunnrentebeskatning». Rett og slett ein velfylt sparegris som våre styrande kan få nevane på. Førebels nøyer dei seg med 40 prosent av innhaldet.

Eg går ikkje nærmare inn på detaljane i dette. Men eg spør meg sjølv: Kor henne endar det? Når er nok «nok»? Det kan godt vere at bedrifter og enkeltpersonar galant hadde stått i nokre prosent meir i skatt, og endå hatt salt i suppa, men ein bør ha kjerringa som lasta staur i tankane. På eit tidspunkt kan den eine stauren vere nok til at hest og kjerre står i sju steinar. I ei ideell verd er ikkje lasset større enn at hesten dreg det alminneleg greitt, og at kjerra stort sett heng i hop.

Alle treng vi eit oppegåande næringsliv som driv lønsamt. At bedriftene våre sit att med eit skapeleg overskot som tryggjer arbeidsplassane, og gjerne brukast til ytterlegare skaping av handfaste verdiar. Og ja; at dei som har satsa pengar og innsats ser at dei har løn for strev og risiko. Gjerne i form av eit aksjeutbyte som ligg på eit edrueleg nivå. Den ansvarlege bedriftseigar tek ikkje ut meir enn at verksemda framleis har pengar på bok til å møte ein tøffare kvardag. Og ikkje minst at han/ho har nok til å betale formuesskatten.

Sjølvsagt må vi betale skatt! Alle erkjenner at dersom vi vil ha dei velferdsgoder ein seriøs stat tek mål av seg til å levere, så er det ikkje gratis. Men alt har si grense. Vi er på gyngande grunn dersom våre styrande heile tida proklamerer «litt meir, litt til, og endå litt til». At det utartar i eit endelaust jag etter aktivitet som kan skattleggjast, og der konsekvensen til sjuande og sist blir at ein ikkje lenger har høna som legg gullegga. Ved ein korsveg innser ein då at ein skulle ha nøydd seg med gullegga eitt for eitt, i staden for å slakte høna for å få alle på ein gong.

Ein seriøs bedriftseigar – til dømes oppdrettar – kan møte ein rainy day på to måtar: Anten å få større inntekter, eller sjå nærmare på utgiftssida. Det første kan vere tilnærma umogeleg, då produksjon, marknad og prisar er gitt, og ligg utanfor hans/hennar kontroll. Då gjenstår utgiftene, og sparekniven vert teken fram. Aksjeutbyte må dei sjå langt etter, og heile produksjonen blir gått etter i saumane. I verste fall må folk seiast opp. Eg vil bestemt meine at staten gjer det alt for lett for seg når svaret på ein traurigare økonomisk kvardag nærmast som ein ryggmargsrefleks blir å auke inntektssida. Med andre ord auka skatt!

«Dreg du den, så dreg du den». Men kjerra bør helst ikkje brotne i hop, eller hesten krepere.