Eg brenn inne med så mykje blå røyk i sjela at eg kan blåse den ut i ringar slik vi gjorde med Lucky Strike mentol på nitti-talet.

Eg sit og høyrer på bølgene som slår i land på stranda til ein sjeldan blikstille fjord og ser ei diskokule av eit skip sige ut fjorden til ein dårleg karaokeversjon av «Summer of 69». Provoserande nok i seg sjølv.

I morgon kjem båt nummer femti i år. I lokalavisa jublast det over 80 nye anløp til neste år. Til info for utanbygds folk: Båtane legg til ein seawalk som er privateigd og det finnast ikkje landstraum, så motorane går under heile opphaldet båtane ligg til kai. Dette var dei folkevalde opplyste om når dei stemde fram og godkjende at dette er noko som bør satsast på i kommunen vår.

Foto: Privat

Det har blitt ytra i offentlege kommentarfelt at cruiseskipa vil skape arbeidsplassar så det blir attraktivt å flytte heim og at ungdommen ikkje flyttar ut av bygda. Eg er sjølv i den såkalla «heimflyttargenerasjonen» og kan med handa på hjartet seie at eg ikkje kjenner ei einaste sjel som har valt å flytte heim til Eid fordi vi har fått cruisekai. Huset vårt var ferdig bygd den sommaren kommunen ønskte den fyrste båten velkomen. Dei folkevalde tok på seg bunad og blåste i neverlur.

Ikkje fordi unge småbarnsfamiliar flyttar heim frå storbyane og aukar folketalet permanent. Men fordi 6.000 utanlandske turistar stoppar opp nokon timar med «all inklusive-skipet sitt».

Eg veit av erfaring at å ytre seg om «cruiseeventyret» som noko anna enn «vekst og utvikling» ikkje er populært i heimbygda.

Men det er på tide at ein har ein open debatt om kva verdiar som blir lagt på vektskåla når Verdas beste vesle Stad skal profilere seg med utvikling som skaper tilflytting. Snakkar vi ikkje om verdiane vi så stolt viser fram, som kallast natur? Kvite brear, reine fjordar, frisk luft, ein kultur og ei historie med sjel, noko som ikkje er kommersialisert og køyrt gjennom ei salskvern. Spennande arbeidsplassar er sjølvsagt viktig, men er det verkeleg cruiseskipsnæringa vi skal sko oss på i framtida? Er det den arven vi skal gje frå oss til neste generasjon? Eg trur Stad kommune hadde nådd ut til langt fleire framtidige innbyggjarar om dei hadde marknadsført seg med ein miljøprofil som er framtidsretta.

Foto: Privat

Det er ikkje teppet med blå røyk som ligg over bygda som får folk til å etablere seg her.

Eg stiller meg til disposisjon; kall meg skeptisk, gammalmodig og negativ til den såkalla «utviklinga».

Det kan eg stå i medan den blå røyken sig forbi Hammeneset.