For ei lita veke sidan, kom forslaget om ein ny vidaregåandestruktur i Vestland, noko som har skapt store reaksjonar, spesielt i Nordfjord. I forslaget vil dei mellom anna leggje ned 102 elevplassar ved Måløy vidaregåande skule og 42 elevplassar ved Firda vidaregåande skule. Elevar frå Måløy-området som vil gå studiespesialiserande blir då nøydde å søke Eid eller Stryn vidaregåande skule sidan tilbodet er tatt vekk her. Dette las eg med redsel og tårer i auga.

Om ein fjernar studiespesialiserande ved Måløy vidaregåande skule, vil dette få store konsekvensar for nordre del av Kinn kommune og dei andre kommunane rundt. Dette er den skulen i Nordfjord med høgast søkjartal, og studiespesialiserande har i dag fleire søkjarar enn plassar. Eg synast det er rart at ein då ynskjer å endre noko som faktisk fungerer bra. Dersom argumentet er at ein vil minske ledige plassar på skulen heng det ikkje på greip at ein skal fjerne ei populær linje som ikkje slit med å få nok søkjarar.

Eg trur heller ikkje at dette vil ha noko positiv verknad på læringsmiljøet og mangfaldet ved skulen. Det vil truleg gjere tilbodet og kvaliteten dårlegare. Elevar som ikkje er klare for å flytte blir tvungne til å flytte. Elevar frå andre kommunar som allereie har lang reiseveg, vil få enda lengre reiseveg med store utfordringar grunna manglande kollektivtilbod. Pendlevegen blir lang og vil gå ut over fritid og fritidsaktivitetar. I dag er det over 100 av elevane ved skulen som bur på hybel, og for mange av desse vil reisevegen bli endå lengre.

Personleg er dette ein faktor som spelar ei stor rolle for om eg vil flytte heim etter endt studie, og det vil truleg påverke valet til andre òg. I staden for å vere ein stad med moglegheiter, blir det ein stad med få val. Det vil påverke næringslivet, då det blir mindre attraktivt å busetje seg der. Det vil påverke fritidsklubbane, då det blir færre som kan delta, noko som igjen fører til færre valmoglegheiter. Det vert tap i arbeidskraft, sidan mange av elevane har jobb ved sidan av skule. I tillegg vil det å miste YSK (yrkes- og studiekompetanse) påverke det svært viktige samarbeidet mellom næringslivet og skulen.

Eit lite lokalsamfunn som dette er svært sårbart for endringar som dette. Eg slit med å forstå på kva måte dette skal vere ei god løysing. Fråflytting frå distrikta er allereie ei stor utfordring i Noreg, og eit slikt forslag vil berre gjere denne utfordringa endå større. Sjølv ynskjer eg eigentleg å flytte heim etter kvart, men det er då viktig å ha noko å reise heim til. Ein stad der det er moglegheiter og positiv utvikling. Ikkje ein stad som forsvinn litt etter litt.