Dette innlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt.

Om folkerøysting - svar til Sylvi Lem

Raudt sitt standpunkt til folkerøysting er at dette er den beste måten å få vite innbyggarane sitt syn på i ei så viktig sak som ei kommunesamanslåing er. Dette er eit prinsipielt standpunkt som er heva over taktiske vurderingar og uavhengig av om ein forventar det eine eller det andre resultatet i ei slik folkerøysting. Vi finn det merkeleg at andre politikarar og parti synes å vere for folkerøysting der dei trur resultatet støttar opp om eige syn, men i mot der ein risikerer å få folket mot seg. Det er uttrykk for arroganse som berre fører til politikarforakt. Og spesielt ille vert det når folket faktisk gjennom ein underskriftsaksjon har fremma eit krav/ønske om å få lov til å seie meininga si i ei folkerøysting. Eg kan ikkje finne anna sakleg argument mot eit slik ønske enn den forholdsvis vesle kostnaden og arbeidsinnsatsen dette krev av Vågsøy kommune. Det burde vere enkelt for alle demokratisk innstilte folkevalde i Vågsøy å etterkome eit slikt ønske uavhengig av om ein har det eine eller det andre syn på samanslåing med Flora eller kor langt ein er komen i prosessen.

Så er det som vi alle veit slik at ei folkerøysting aldri kan pålegge dei folkevalde å gjere slik eller slik. Derfor er det slik at dei folkevalde alltid etterpå står overfor spørsmålet om kva ein vil foreta seg etter at fasiten frå ei folkerøysting ligg føre. Mitt, og Raudt, sitt syn er klart. Vi følger det rådet vi får frå folket når vi ber om eit råd. Det har vi også synt i praksis. Vi skulle ønske fleire hadde det standpunktet.

Kva skal stå på seddelen? Kva skal folk stemme over? Som eg presiserte på folkemøtet på Raudeberg: Det er kommunestyret som set i verk folkerøysting og det er kommunestyret som bestemmer kva som skal stå på stemmeseddelen. Men mitt syn er at det er berre Kinn-alternativet vi kan be folk ta stilling til. Det er det einaste alternativet som ligg føre.

Så spør du Sylvi om neste steg. Altså, dersom kommunestyret skulle snu i spørsmålet om Kinn og be Stortinget gjere om på samanslåinga av Vågsøy og Flora. Kva då? Jau, då befinner vi oss i den stilling at kommunestyret har bestemt at ein ikkje lenger meiner dette er det beste for Vågsøy si befolkning og ein må finne betre alternativ. Det blir då opp til det same kommunestyret å gjere nettopp det. Raudt har sitt klare syn kva som er det beste alternativet, men eg kan sjølvsagt ikkje forskottere kva kommunestyret skulle vedta i den situasjonen.

Du skriv at du er overbevist Sylvi. Du fekk dei svara du trengde på folkemøtet og meiner no at Kinn er det rette. Flott! Eg registrerer at nokre andre har kome til same konklusjon. Eg vart ikkje overtydd. Tvert om reagerte eg med tvil på ein del av det som blei lagt fram av prosjektrådmannen. I ettertid har eg jobba ein del med å finne ut av det og vil komme tilbake seinare  med dette.