Selje-politikar Svein Hansen (Frp) har skriven dette innlegget:

Spørsmål utan svar

Viser til intervjuet med ordførar Stein Robert Osdal i Fjordenes Tidende tysdag 13 september.

I det siste kommunestyret den 15. september stilte underteikna fylgjande spørsmål utifrå oppslaget i avisa om ein ambulansestasjon og at denne skulle ligge på Åheim. Spørsmålet var om dette utspelet i avisa av ordføraren var forankra nokon stad. Underteikna tenkte først og fremst fagleg, men også politisk. På den andre sida av fylkesgrensa svarer ordføraren i Vanylven kommune, Lena Landsverk, på direkte spørsmål, heilt korrekt og som skulle vere sjølvsagt alle stader når det gjeld slike spørsmål. Først må det snakkast med fagpersonalet i ambulansen.

Det andre som ho svara på og som vi alle veit eller burde vite, det er ein topp utstyrt ambulansestasjon på Fiskå med dyktig personale. Dette er ikkje noko nytt. Når Kvalsvik dreiv stasjonen i si tid jobba han framtidsretta og hadde sytt for ei god ambulanseteneste for pasientane frå Vanylven i ei årrekke. Måløy, Selje og Vanylven treng så absolutt den ambulansetenesta dei har i dag, noko meir kutt av noko slag blir ikkje akseptert. Og dette skal Selje Frp kjempe for på alle plan.

Å vise til administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, og at ein då må prøve å begrense skadane mest mogleg er, for å seie det mildt, for svakt og eit dårleg utgangspunkt. Ut i frå at Helse Førde legg slik vekt på det gode samarbeidet dei har med kommunane, så må ein sjå attende på det som har skjedd, og spesielt vi som er på kysten. Har vi fått ei rettferdig behandling?

Som ordførar i Selje så har du hatt møte med Helse Førde, har ikkje kutt i ambulansen vore nemnt under desse møta? Ordføraren i Selje bør lytte til sine eigne fagfolk og kva som er kvardagen, kanskje var det ein idé å starte her og så forankre det politisk i si eiga kommune.

Skadane som vi er påført, spesielt ved kysten, vil ta år å rette opp. Skadeomfanget ved å fortsette med å kutte og demontere det viktigaste av alt, som er helsetilbodet, må vel no nokon og ein kvar kunne sjå.

Korleis kan nokon av dei politiske partia godta dette som no på nytt kjem frå «julenissen» Jon Bolstad og likevel kunne ha ei tru på framtida ved å bu på kysten. Det er freistande og vise til Norsk Sjukehusplan (H, Frp og V) «Trygge sykehus og bedre heletjenester, uansett hvor du bor» og konferansen som Vanylven Utvikling i september hadde på Fiskå. «Havet — for ei bærekraftig framtid». Havet er for mange av oss framtida, la oss stå saman og kjempe skulder ved skulder over grensene.