Klart vi må ha skule på Krokane!

Kinn kommune er pressa økonomisk og må spare titals millionar. I Firdaposten kan ein lese korleis kommunen har valt å prioritere: dei mest sårbare i kommunen, dei små barna i skulen, må stå for dei største kutta. For å spare pengar har kommunaldirektør, Øyvind Bang Olsen, kome med eit forslag om å legge ned Krokane skule innan skuleåret 2024/2025. Vi som er tilsett på Krokane skule er oppriktig bekymra for kva konsekvensar dette får for oss, og ikkje minst elevane våre.

Per dags dato er det 163 fantastiske elevar som går i 1.-7.-klasse på Krokane skule, og vi er den nest største barneskulen på Florølandet. I tillegg jobbar det om lag 40 kompetente vaksne her i ulik stillingsprosent. Vi har eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø som vi er stolte av, der vi stadig møtast, utviklar og vidareutdannar oss. I klasseromma, og i nærmiljøet rundt Krokane skule, skjer det mykje god opplæring som vi med glede vil skryte av.

Ei nedlegging av Krokane skule vil ta frå elevane eit opplæringstilbod i deira nærmiljø. Det er allment kjent at dei som går på skule i sitt nærmiljø vil kjenne meir tilhøyrsle til plassen dei bur på, og det vert ein stor del av deira identitet. Slik er det òg på Krokane. Skulen er knutepunktet for bydelen og eit levande bygg, som husar både 17. mai-feiring med tog, tamilskule i helgane og har ein gymsal der det skjer mange ulike aktivitetar etter skuletid, både for vaksne, barn og ungdom. Skuleplassen, som berre for nokre år sidan vart fornya, er ein aktiv møteplass for barn og unge i alle aldrar. Tilsette som jobbar på ettermiddag- og kveldstid møter ofte tidlegare elevar som brukar sin gamle barneskule som ein aktiv og inkluderande møteplass. Krokane skule er framleis ein viktig del av deira identitet, noko dei er og kan vere stolte av.

Uteskule er ein stor del av opplæringa på Krokane skule. Skulen vår har eitt heilt unikt nærmiljø med tilgang på skog, sjø og fjell. Frå klasserommet og opp til bålplassen i Fagerdalen tek det tre minutt å gå, det tek ti minutt til Prata og til Mjølkevika, der vi har vår «eiga strand» som skulen passar på og held rein. Vi ønsker ikkje at elevane våre skal miste tilgang til desse rike opplæringsarenaene.

På Krokane har vi asylmottak, og mange framandspråklege har busett seg her. Krokane skule kan stolt kalle seg ein fleirkulturell skule med mange ulike nasjonalitetar. 28 prosent av elevane våre er framandspråklege. I klasserommet legg vi godt til rette for mangfald, og vi ser det som ein ressurs i opplæringa. Vi opplever at det å ha ein skule i nærmiljøet er med på å gjere integreringa lettare, og at skulestorleiken er med på å gjere samhaldet tettare. Vi har og to barnehagar i bydelen, Krokane og Furuhaugane barnehage. Barna i desse barnehagane kjem stadig innom skuleplassen, dei leikar på skulen sitt område, har aktivitetar i gymsalen og dei går på tur til dei same turplassane som vi nyttar i skulen. At skulen ligg så nær barnehagane er med på å gjere overgangen mellom barnehage og skule tryggare, då barna allereie har vorte kjende og trygge i deira nærmiljø.

Kommunen sine argument for nedlegging er at prognosane deira viser nedgang i elevtalet, samt renoveringsbehov hos fleire skular i kommunen. Dersom dei vel å legge ned Krokane skule er planen å bygge ut Florø barneskule. Vi lurer på korleis ein då sparar på ei nedlegging? I tillegg stiller vi spørsmål ved bruken av nedgang i barnetal som argument for nedlegging, då Krokane skule har relativt stabile elevtal. Det er også planlagt boligprosjekt i området, og asylmottaket er bedne om å ta imot fleire Ukrainske flyktningar.

Vi er oppriktig bekymra. Bekymra for den flotte arbeidsplassen vår, men òg for utviklinga av bydelen Krokane. Kva vil skje med bulysta og fellesskapet i bydelen viss den sentrale møteplassen forsvinn? Mest bekymra er vi for elevane våre. Det er dei og nærmiljøet som må ta konsekvensane av ei nedlegging. Vi forstår ikkje korleis kommunen kan forsvare ei nedlegging av Krokane skule og meine at det er til elevane sitt beste. Det bør ikkje vere usagt: klart vi må ha skule på Krokane!