Onsdag 20. desember 2023 sende Norconsult på vegner av Holmaneset H2 AS, eigd av Fortescue Future Industries (FFI), søknad til NVE om konsesjon for nettilknyting av Holmaneset H2 AS. Søknaden vart, etter tilbakemeldingar frå NVE, oppdatert 29. februar 2024. «Folkeaksjonen mot etablering av hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset» har fått innsyn i dei delane av Norconsult sin søknad som er unnateke teieplikt. I søknaden kjem det fram fleire opplysningar om den planlagde fabrikketableringa på Holmaneset som, etter det vi veit, ikkje har vore offentleg kjent. Etter det vi kjenner til, har heller ikkje desse opplysningane vore kjent for kommunestyret eller formannskapet i Bremanger kommune.

I søknaden står det at det har vore ein samrådingsprosess der det har vore fleire møte med ulike interessentar, inkludert Bremanger kommune. (Søknaden datert 29.02.2024 side 10).

Vi ønskjer difor å vite kva informasjon kommuneleiinga ved kommunedirektøren har fått om innhaldet i konsesjonssøknaden og om denne informasjonen er vidareformidla til kommunestyret. Dersom informasjonen ikkje er vidareformidla til kommunestyret, ønskjer vi å vite kva vurdering som ligg bak den avgjerda.

Vi vil særleg fokusere på to forhold: 1. Omfanget av utvidinga av transformatorstasjonen i Svelgen 2. Vedlegg nr 20 til hovuddokumentet datert 29.04.2024 stila til NVE der det er stripla inn ein framtidig fabrikk nr 2.

I søknaden kjem det fram at det vert søkt om ei utviding av transformatorstasjonen i Svelgen med eit areal på om lag 4300 m2. I følgje konsekvensutgreiinga (vedlegg 19 til hovuddokumentet), vil denne utbygginga føre til eit nokså omfattande anleggsarbeid i Svelgen sentrum som vil ta 1,5 – 2 år, der det òg blir tungtrafikk langs vegane med massetransport og anna.

Illustrasjon og kommentar i parentes henta frå det opne brevet til kommunen. Foto:

Heile tilknytinga, inkludert transformatorstasjonar i Svelgen og Holmaneset, i tillegg til jord- og sjøkabel, er kostnadsrekna til nesten 1000 millionar kroner (2023). Dette i seg sjølv seier ein del om omfanget. Det fortel òg at om lag 140 millionar av kostnadene vert kasta over på andre, noko som ganske sikkert vil syne seg på nettleiga for næringsliv og private lokalt

Spørsmål til kommuneleiinga:

• Er kommuneleiinga ved kommunedirektøren kjent med omfanget av utvidinga av transformatorstasjonen i Svelgen?

Om svaret er ja:

• Kven i kommuneleiinga er kjent med dette, og når vart det kjent? • Dersom kommuneleiinga v/kommunedirektøren ikkje har informert heile kommunestyret om dette, kva er då grunngjevinga for det?

Om svaret er nei:

• Kva tenkjer kommuneleiinga v/kommunedirektøren om at FFI held attende denne

typen informasjon for kommunen? I søknaden står det at overføringskabelen mellom Svelgen og Holmaneset består av to sett kablar som skal leggast parallelt i sjø med ein avstand på 20 meter mellom kablane.

Kvart sett inneheld tre fasar der leiarane har eit tverrsnitt på på 630 mm2.

Vedlegg 20 til hovuddokumentet datert 29. februar 2024 syner eit forenkla skjema over framtidig situasjon. Nedst til høgre ser vi at ein fabrikk 2 er stripla inn.

Slik vi tolkar informasjonen over, med to separate kablar som kvar synest å vere dimensjonert til å kunne overføre ein effekt på 300 MW og eit skjema der to fabrikkar er innteikna, er det vanskeleg å forstå anna enn at det faktisk er dette som er FFI sine planar.

Spørsmål til kommunen:

• Er kommuneleiinga v/kommunedirektøren kjent med at er teikna inn ein framtidig fabrikk nr 2?

Om svaret er ja:

• Kven i kommuneleiinga er kjent med dette, og når vart det kjent? • Dersom kommuneleiinga v/kommunedirektøren ikkje har informert heile kommunestyret om dette, kva er då grunngjevinga for det?

Om svaret er nei: • Kva tenkjer kommuneleiinga v/kommunedirektøren om at FFI held attende denne typen informasjon for kommunen?

Vi ber om svar på desse spørsmåla snarast råd.