Thorvald Stoltenberg blir ofte sitert på at «kompromiss er eit av dei vakraste orda vi har». Som kompromissmakar blei han skulda for å vere feig. Då svarte han at verda er full av folk som vil skape bråk og konflikt. Å vere kompromissmakar såg han på som ei heidersnemning.

Denne veka var det høyringsmøte om framtidig tilbodsstruktur i dei vidaregåande skulane i Nordfjord, og oppmøtet var godt. Engasjementet viser kor viktig denne saka er for heile Nordfjord.

Før møtet, som var på Nordfjordeid, fekk vi høyre at rektorane ved Førde vgs og Høyanger vgs. hadde funne kvarandre gjennom eit kompromiss. Dei hadde sjølvsagt ei litt enklare sak enn Nordfjord ettersom forslaget frå arbeidsgruppa og fylkesdirektøren hadde fleire alternativ for dette inntaksområdet. I tillegg var alternativet for Høyanger nedlegging. Det lettar jo kompromissviljen noko.

Leiar for hovudutvalet for opplæring og kompetanse kvitterte med at det var eit interessant forslag som vil bli seriøst vurdert.

Foto: Kjellrun Åsebø

Under møtet i Nordfjord fekk vi også sjå eit kompromiss. Der kom meldinga om at dei fire rektorane i Nordfjord er samde om at det skal vere studiespesialisering på alle fire skulane. Eid vgs. ønsker i tillegg å halde på sin andre parallell i studiespesialisering. Per i dag er det seks klassar studiespesialisering i Nordfjord så det er rom for fylkeskommunen til å vurdere dette ønsket og likevel få noko nedtrekk på studiespes.

Vi støttar initiativet. Dersom det tradisjonelt gode samarbeidet i Nordfjord ikkje hadde klart å samle seg om gode lokale løysingar, ville ein risikere at politikarane vender seg meir til høyringsforslaget frå arbeidsgruppa og fylkesdirektøren.

Vi kryssar fingrane for at fylkespolitikarane høyrer på Nordfjord, og då ikkje minst på ungdommen i Nordfjord, som unisont meiner at forslaget som ligg føre er for dårleg for heile regionen.