Kva skjedde med retten til privatliv?

Korleis kjendisar blir behandla av norske mediehus er ganske sjokkerande å sjå på.

Artisten Justin Bieber heldt konsert i Trondheim i 7. august, og omtrent ei veke etterpå tok friidrettsutøvaren Jakob Ingebrigtsen gull i München. At både konserten og EM i friidrett fekk mykje merksemd, ser eg på som heilt naturleg.

Men korleis privatlivet deira blir tråkka ned på i mange norske medier, er hårreisande.

Da Bieber var i Trondheim, var det mykje saker om ein båttur og eit besøk på kafeen Godt Brød. Ved bakeriet samla fansen seg fordi dei elskar han, og TV2 og Dagbladet for kva? Flest mogeleg lesarar?

Ein fridag i Stryn

Eg kan sjølv bli «starstruck» og skjønnar godt at alle vil ha ein bit av desse kjendisane. Likevel håpar eg mediebransjen forstår at det finst grenser for kor mykje ein toler at privatlivet blir grave i og bretta ut.

Eg skjønnar også at det er stort at ein internasjonal kjendis kjem til Noreg. Likevel er Bieber tross alt eit menneske, og han har rett til privatliv - same kor internasjonalt kjend han er.

Da fans møtte opp heime med artisten i fjor, bad han dei på ein høfleg måte om «litt space» og privatliv. Fansen nikkar og det ser ut som dei forstår. Nettavisen derimot, vinkla det slik det passa dei best: «Justin Bieber ga fansen skjennepreken. Nå går videoen viralt»

Bieber var i Stryn i 2016, og mediehusa verka overraska over kor hemmeleg besøket var. Er det verkeleg så overraskande? Han hadde éin fridag og reiste til «the middle of nowhere» av ein grunn: for å litt ro og fred. At det ikkje var mogeleg for NRK, TV2, Se & Hør og Dagbladet å respektere, er skuffande.

«Gullguten» i München

Jakob Ingebrigtsen var naturlegvis i medias søkelys før, under og etter EM. I forkant blei det kalla inn til ei digital pressekonferanse, og her kom han med eit premiss: Han ville snakke om EM og om seg sjølv. Trass i skriftleg beskjed i forkant og to munnlege undervegs fekk han ifølgje TV 2 fire spørsmål om familien og forholdet til faren Gjert.

Etter 5000-meteren verka fleire ganske overraska da han gjekk forbi store delar av pressen. «Gullguten» gav eitt NRK-intervju og nokre ord til internasjonale rettighetshavarar, «men i pressesona gikk han forbi alt som var av norsk presse», skreiv NRK.

Og det synst folk var rart? Det som er rart, er at fleire mediehus forventar at han skal stille opp på intervju og pressekonferansar når dei sjølv ikkje ser ut til å bry seg om andres grenser.

Dette er eit lite bilete av eit altfor stort problem. Kva skjedde med punkt 4.3 i Ver-varsam-plakaten, som seier ein skal vise respekt for menneske sitt privatliv? Kor langt har delar av norske medier tenkt å gå før dei viser det overfor Jakob, Justin og andre offentlege personar?