Ei upassande samanlikning?

I mars 2001 sprengde Taliban-styresmaktene dei 1.500 år gamle Buddha-statuane i Bamiyandalen i Afghanistan. Grunngjevinga var at dei var storfelte symbol på det som dei religiøse styresmaktene i landet såg som den rammaste heidendom og vranglære. Såleis måtte det ut or syn og minne. Fortast råd var elles kunne den rette lære vere i fare og Guds fortørning og straff kunne komme over alt folket.

Utifrå deira tru og tenkjemåte er det eit høgst rimeleg resonnement, så kom med dynamitten. Afghanistan er så vidt langt borte og talibanarane sin tru er oss så vidt framand at det fell oss let å fordøma sprenging og øydelegging av historiske minnesmerke og ymse anna vi ikkje kjenner oss heime i.

Då kan vi tala høgt og fordømande om at dette er eit uboteleg tap i den store menneskelege sameiga vi kallar historie og kultur. Det stiller seg sjølvsagt noko annleis når dette kjem nær innpå og endå til syner seg i vår eigen kvardag. Då slår tunblinda til. Då vert det vi hjå framande ser som noko stort og verdfullt vert her hjå oss noko som ligg i vegen og er meir til plage ein til gagn. Ja, rett og slett ugagn om det er så at det skulle leggja seg i vegen for framgang, utnytting og for ikkje å seia arbeidsplassar.

I dette høvet er det heller ikkje tale om nemnande religiøst trugsmål. Men her er det som her hjå oss er langt verre, Det kan vera i vegen for den høgheilage næringsnytten. No er det på ingen måte på tale, men det er gjeve løyve til å gjere alvorlege endringar i landskapsmiljøet i kring. Det er moderniteten på innsteg i eit landskapet som ikkje har vore nemnande endra dei siste tusenåra, og såleis utgjer den store råma kring feltet.

Dette vert sett akta på utanfrå. Det er kan hende lettare å få auga på og erkjenna allmennverdien frå ein stad utanfor heimetunet. Det kan vera lettare å sjå at hellerita i Vingen og det urørte miljøet kring er del av den store menneskelege sameiga. Ein umisseleg del av den store verdsens minne og som vi som nasjon har eit ansvar for å på beste måte taka vare på.

I fjellsida i Bamiyandalen gaper nisjane tomme der statuane ein gong stod. Dei og stod ein gong i vegen for eit framsteg.