Trang fødsel.

Nye «Skulebas» har fått ein noko – skal vi kalle det trong fødsel? Eit urovekkjande antal timar har vore brukte hjå Stadyard for å utbetre saker og ting. Ein hovudmotor som måtte rettast opp, ei egnemaskin som måtte skiftast, og sikkert elles detaljar her og der som måtte justerast og tilpassast. Og slik båten er rigga for garnfiske, så kjem det for ein dag at opplegget rett og slett ikkje held mål, og går på tryggleiken laus.

Knapt noko fiskefartøy fungerer optimalt frå dag 1. Justeringar og tilpassingar må til. Vona er at alt utstyr fungerer i grove trekk, og at det held med litt finpussing her og der. Det vil nok ytterlegare vere tilfelle når det gjeld eit opplæringsfartøy, der ein skal få inn i fingrane ulike brukstypar i dei ymse fiskeri, og alt skal plasserast på eit avgrensa område. «Vi må halde oss innanfor båtripa», som den dessverre avlidne heidersmann, fiskeskipper Isak Stave brukte å seie.

Når det gjeld fiske med garn, så viser det seg at sjølve haleinnretninga – dragebukken – er plassert for langt framme, slik at ein ikkje rekk til iletau, dregg og garn frå drageluka, og kontrollpanelet til denne står i framkant, ikkje bak, der det bør vere. Dette er ein openberr tryggleiksrisiko, som Stig Oldeide korrekt påpeikar. Arrangementet for garnfiske elles har eg ikkje sett, og kan dermed ikkje uttale meg, men kjøper utan å blunke Stig si framstilling.

Egnemaskina vart og eit kapitel for seg. Det vart sett inn ei tilnærma prototyp; lite prøvd i praktisk fiske. Denne fungerte ikkje ein gong tilnærmingsvis, og måtte skiftast ut med ei velprøvd Mustad-maskin. Eg kan ikkje skjøne kvifor ein anno 2023 skulle gå opp att same løypa som Erling og Oskar Førde gjekk midt på -70 – talet, i autolinesystemet sin spede barndom. Var det naudsynt å finne opp hjulet på nytt, med etterfølgjande ekstrakostnader?

«Skulebas» er elles rigga for snurrevad og trål, og det kjem oss for øyre at vinsjane truleg er for veike. Fiske med desse brukstypane er ukjent terreng for meg, så her skal eg ligge unna betrevitenheit og dystre spådomar. Vona må vere at ein går klar større, kostbare omkalfatringar.

Det som slår meg, er at desse barnesjukdomane lett kunne ha vore unngått. La gå at etterpåklokskap er ein eksakt vitskap, men ein times konferanse med Stig Oldeide, Nils Myklebust, Freddy Silden, Jonny Sandøy og fleire hadde temmeleg sikkert kvelt tabbane i fødselen. Eg skal vere ytst varsam med å skulde nokon for betrevitenheit, men ingen har nokon gong teke skade av ein prat med folk som har, og har hatt skoa på.

Bildet er ikkje heilsvart. Båten skal vere fin i sjøen, og eg vil tru at fasilitetane elles er både gode og tenlege. Får ein høvla vekk dei største fartsdumpane, og la årelang røynsle vere rettleiande for vidare oppgradering, så vil sikkert «Skulebas» bli eit flott verktøy for opplæring av vår komande fiskarstand.