Styrer Bremanger kommune mot ei ny Terra-krise?

Ein skulle tru at etter ei så alvorleg sak som Terra-saka var for Bremanger kommune, at politikarar og administrasjon tenkjer seg grundig om før dei går i gang med nye prosjekt som kan knekke kommunen. Men mykje tyder diverre på at kommunen ikkje har lært leksa si, og no dukkar det opp ei ny, potensiell Terra-bombe, denne gongen som Terra-watt-timar, eller TWh.

Som dei fleste av oss er kjende med, ønskjer det australske konsernet FFI å etablere ein hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset. Kraftbehovet til ein slik fabrikk er stort. Med eit effektbehov på 300 MW, vil det årlege forbruket med heilkontinuerleg drift verte over 2,6 TWh. Problemet er berre at så mykje ledig kraft finst ikkje i kommunen, heller ikkje om absolutt all kraft skulle gå til denne fabrikken, vil det ikkje vere nok!

Diagrammet nedanfor syner tydeleg at det ikkje finst tilstrekkelege mengder med lokal kraft til denne fabrikken.

Kva kan konsekvensane av manglande lokal kraft verte? Ein treng ikkje vere rakettforskar for å forstå at mangel på lokal kraft og stor import av kraft frå andre delar av landet, vil føre til at krafta i vårt område vil verte blant den dyraste i landet. Dei høge kraftprisane kraftmangel vil føre til, har direktøren for Elkem Bremanger åtvara imot. I sitt høyringsinnspel til planane skriv han, sitat:

«Vi vil med dette innspillet understreke betydningen for vår virksomhet av at Bremanger beholder et kraftoverskudd i regionen og sikrer konkurransedyktige kraftpriser for eksisterende industri. Dette er avgjørende for at Elkem skal sikre fortsatte investeringer og drift i Bremanger over tid.»

Legg merke til den siste setninga. Her seier faktisk direktøren for kommunens største verksemd at ledig kraft er avgjerande for fortsatte investeringar og drift!

Og her er eg ved samanlikninga med Terra. Dersom Elkem Bremanger vel å flagge ut sin produksjon og legge ned i Svelgen på grunn av fabrikketableringa på Holmaneset, vil dette føre til ei fullstendig rasering av lokalsamfunnet Svelgen med enormt mykje større tap for kommunen enn den gamle Terra-saka nokon gong var. Men denne gongen vil det ikkje berre vere Bremanger kommune som får smake Terra-pilla. Også næringslivet i Kinn og andre stader i Sogn og Fjordane vil få ekstra kostnader som følgje av dei auka straumprisane fabrikketableringa i Holmaneset vil gje.