Per Gunnar Stensvaag fra Trysil har skrive dette lesarinnleggget:

«Kinn – kor er Språkrådet?»

Kinn er eit vent namn. Det høvde godt for den gamle kommunen som bestod i varierande geografisk utstrekning frå 1837 til 1964. For ein eventuell konstruksjon som inkluderar noverande Flora og Vågsøy, vil «Kinn kommune» verta aldeles gale, og det er siste ordet i namnet som ikkje passar.

Ein kommune er per definisjon eit mindre administrativt område. Ordet kjem av fransk commune. Det vart til under den franske revolusjonen, men opphavet er latin og tyder felles eller sams. Då er det turvande å spørja om kor avgrensa Kinn er geografisk og kor mykje dei to adskilte delane har til felles? Språkøyret lyt vera særs kleint om ein ikke straks høyrer at noko skurrar. Er ein det minste oppteken av korrekt terminologi, lyt ein difor snøggast råd leita fram eit anna ord i lag med Kinn. I Noreg har vi tre forvaltningsnivå der kommune er det lågaste. Berre få og helst særs små land har berre to. Eit døme er San Marino som med sine 61 km2 er administrert gjennom ni kommunar for utan sentralmakta. Andre land, frå enorme USA til vesle Luxembourg, har fire forvaltningsnivå. Sistnemnde som berre er ein sjuandedel så stort som Sogn og Fjordane, er delt inn i 3 distrikt, 12 kantonar og 105 kommunar. Gjennomsnittskommunen er 24 km2 og har 5.000 innbyggjarar. Ellers i Europa er slik storleik også ganske normal.

Ein kan saktens undra kva utlendingar vil seie til slikt noko som Kinn, til dømes turistane på Hurtigruta? Når dei legg til kai i Florø, vil dei tenkje at det var ein fin liten by og eit naturleg kommunesenter for øyane og fjordbygdene i kring. Det same vil dei tykkje om Måløy inntil dei får vete at alt høyrer til same kommune. «Kva i all verda; har dei ikkje lokaldemokrati i det her landet?», vil snøgt kunne verta eit nærliggande spørsmål. Sveitsarar vil kan hende lura på om det her er snakk om to halvkantonar slik Appenzell var før dei i 1999 vart fullverdige kantonar kvar for seg. Ein kikk på kartet synar at heller ikkje det høver. Dei to Appenzellane har jo lang felles grense, og under dei er det 26 kommunar på eit totalareal mindre enn berre Flora.

Jamføring av eksisterande og tidlegare kommunesentra gjev liknande skremmande aha-oppleving. Hotellbrannen kan difor diverre verta eit sørgeleg forvarsel på lagnaden til Selje sentrum etter ei tid i den nye Stad kommu.., orsak Stad eit eller anna. Selje sitt nei til Vågsøy burde ha vore ei stadfesting av framleis sjølstende. Fridomstanker vart stogga av skremslane om med tvang å hamna under naboen i sør. Difor kakka dei seg heller «friviljug» på lag med Eid. Den samanslåinga er ein absurditet nestan like ille som Kinn og kvalifiserer heller ikkje til å kalla seg kommune.

Flora avslutta allereie våren 2016 sonderingar med naboane i Sunnfjord. Ikkje overraskande ville dei heller vera for seg sjøl enn å verta utkant i ein gigant med Førde som sjølvsagt sentrum. Ei samling på kysten ser dei meir ljost på uansett kor lite geografien spelar på lag. Imperialistisk tankegods er ikkje noko ukjent fenomen der dei tek mål av seg til å verta endå meir av eit regionsenter, og i Florø er det nok dei som ser seg tent med ein koloni ti mil pluss ei fergereise unna. Eit argument for ein kystkommune er at dei samla skal stå sterkare i kampen mot indre strok. Det er endå eit prov på korleis også det regionale samarbeidet lider under reformpsykosen. Alle freistar å posisjonera seg, destruktive krefter kryp fram og bygdestrid raser, for ikkje å snakka om den enorme energi-, penge- og tidstjuven dette er.