Samordningslova er eit ran

Politikarane på Stortinget snakkar varmt om at folk må arbeide lenger. Noverande pensjonsalder er ikkje berekraftig seier dei, og enkelte parti ønskjer å føreslå å heve pensjonsalderen og forsøker å få folk til å tru at føremålet med pensjonsreforma er at folk skal arbeide lenger.

Sanninga er noko heilt anna. Samordningslova fører nemleg til at folk kan tape heile tenestepensjonen som dei har spart opp etter 30–40 års arbeid.

Samordningslova inneber at tenestepensjon til offentleg tilsette fødde mellom 1944 og 1962 vert lågare ved at dei held fram med å arbeide etter fylte 67 år. Tru det eller ei, det er heilt sant. Dei som vert råka av dette får ingen tenestepensjon sjølv om dei har arbeidd og spart opp tenestepensjon i 30 til 50 år.

Ein arbeidstakar frå Oslo-området fekk sjokk då han oppdaga at han hadde mista heile tenestepensjonen sin fordi han arbeidde etter at han fylte 67 år. Han er ein av mange tusen som har arbeidd i offentleg sektor og som har tapt heile eller deler av tenestepensjonen sin fordi dei «arbeidde for lenge».

Samordningslova er eit ran – men myndigheitene står på sitt.

Samla årleg pensjon kan difor verte opp til 20 prosentpoeng lågare (som prosentdel av sluttløn) om ein arbeider til ein er 73–74 år, samanlikna med ein som sluttar ved 67 år.

Dette kan ikkje oppfattast som noko anna enn særs urimeleg av dei som vert råka av denne lova, og vil motverke det viktigaste målet med pensjonsreforma, nemleg at fleire skal stå lenger i arbeid.

Eg lurer på om våre sentralpolitikarar set seg grundig inn i det byråkratane utarbeider, eller om fleirtalet av Stortingspolitikarane tek alt som kjem frå byråkratane for «god fisk».

Det er ikkje rart at tilliten til våre politikarar er på eit lavnivå.