Spar Måsholmen – containerhamna bør vere på Botnastranda

Som kjent for dei fleste så blir det no planlagt ny containerhamn i Florø ute ved Gunnhildvågen. Planen medfører at store uberørte område blir sprengt vekk og fyllt ut. Reguleringsplanen for dette prosjektet var til handsaming i Plan- og miljøutvalet den 23.01. og fleirtalet i utvalet gjekk inn for å legge denne planen ut på høyring.

Raudt hadde følgande alternative forslag: «Plan- og miljøutvalet går imot å legge detaljreguleringsplan for Måsholmen – Håskjera ut til offentleg ettersyn og peikar i staden på Botnastranda som framtidig containerhamn for Florø». Grunnen til at vi i går for Botnastranda som alternativ er først og fremst at vi vil verne om den urørte naturen på vestsida av Florø.

Florø-området har dei siste ti-åra hatt ei massiv nedbygging av natur. Døme på dette er steinbrotet på Seljestokken, vindkraftanlegget på Guleslettene og utvidinga av baseområdet mot vest. Og det er planar om meir m.a. knytt til Terøya og Rota. Og no altså Måsholmen og området rundt og utanfor.

Vi må ein gong slå på bremsene for denne veldige raseringa av natur. Skal Florø ende opp som eit einaste gigantisk industriområde med hus og butikkar i midten?

Når vi får presentert store industriutbyggingsplaner blir det ofte framstilt slik at det er dette eller ingen ting, toget går no og vi må vere med. Det finst ingen alternativ. Men i dette tilfellet har vi faktisk eit godt fungerande alternativ, nemleg kaia på Botnastranda. Denne kaia er kommunalt eigd og den er i dag i bruk som containerhamn etter at containertrafikken blei flytta frå Fugleskjærskaia nyleg.

Det finst også andre viktige argument mot Måsholmen-planane. Dette blir veldig dyrt og det er til stor sjenanse for mange folk som bur på vestsida i Florø. Vi har også sett innlegg i Firdaposten som peikar på maritime innvendingar mot det alternativet. Og det finst sjølvsagt argument mot å velje Botnastranda som permanent hamn. Det viktigaste er at det, i alle fall på kort sikt, vil føre til mest containertrafikk gjennom Florø by. Dette pga at mesteparten av containerane no blir lasta av bedriftene i Gunnhildvågen. Dette kan sjølsagt endre seg i framtida, men pr. no er dette ei vesentleg ulempe. Det erkjenner vi i Raudt. Men dette eine momentet trumfar ikkje alt anna og den samla vurderinga vår er at vi må seie nei til den store naturøydelegginga som Måsholmen-planen fører til.

Det var berre SV som var einige med oss i Plan- og miljøutvalet at denne planen bør stoggast. Så no blir planen lagt ut på høyring. Vi oppmodar innbyggarane i Florø om å setje seg inn i denne planen og seie si meining om den. Det er fortsatt mogeleg å snu dette dersom mange engasjerer seg!