Gjennom skulegang og oppvekst har eg gjort meg nokon betraktningar om fellesskap.

Natur og bevaring er viktig for oss ungdom, og vi lærer om sårbare økosystem. Slik eg ser det er samfunnet vårt eit slikt økosystem og – vi må dele for å få.

Som ein skog er avhengig av alt frå skogbotn og insekt, til lys og vatn, er vi menneska avhengig av å leve i ein sameksistens med kvarandre - og naturen. Og om dette skal vere eit berekraftig samfunn må alle få sin likeverdige plass.

Det å dele er ein eigenskap som alle burde få lov å lære seg tidleg i livet. Å dele betyr å gje av det vi har til andre, og å få når vi treng noko sjølve. Til dømes kan det være ei bok, ein sykkel, mat, tid og oppmerksamheit.

Eg trur det å lære seg deling tidleg er viktig fordi det m.a vil hjelpe barn å utvikle sosiale feridgheiter. Når barn deler lærer dei seg å sette seg sjølv inn i andre sine perspektiv og forstå at andre kanskje har bruk for det dei har. Det vil då oppstå ei forståing for empati og det legg grunnlaget for samarbeid med andre.

Deling er også ein verdi som fører til samfunnsansvar. At ein tidlegast mogleg skjønar at ein har innverknad og kan gjere forskjell i andre sine liv.

Sjølv den minste handling kan føre til positive ringverknader. Det er viktig då ein får ei kjensle av å vere ein del av eit større samfunn, og det er lettare å sjå at handlingane ein gjer kan bidra til at samfunnet eller verda blir ein betre stad. Å dele legg grunnlaget for tillit og sterke relasjonar som igjen vil styrke fellesskapet.

Som sagt er deling med på både å dyrke og styrke fellesskapet i store og små samfunn. Dei siste åra har vi stått overfor store utfordringar som har skapt vanskar for oss alle. Vi har blitt sett på prøve på landsbasis, men og på lokalt nivå.

Fellesskap er ein viktig verdi for Arbeiderpartiet. Arbeiderpartiet har alltid stått opp for arbeidarane sine rettar – og for dei som har lite, og jobba for å skape eit samfunn bygd på respekt og likeverd, der alle har like moglegheiter.

Fellesskap handlar om samhald der det er viktig å stå saman som nasjon og samfunn. Om alle bidrar til positive handlingar i samfunnet vil vi kunne oppleve eit betre liv. Med ei solidarisk tilnærming vil vi kunne løyse utfordringane som trugar.

Det er viktig at vi legg til rette for eit samfunn der alle har tilgang til grunnleggjande tenester som til dømes helsevesen, utdanning og andre velferdsordningar. Med velferdsordningar meinar ein å skape eit trygt og godt miljø der ein føler seg likeverdig.

Sjølv om vi lever i ein velferdsstat kan vi aldri stoppe opp med å jobbe for å gjere den betre. Velferdsstaten har ikkje kome av seg sjølv – og det har dessverre vore lett å bygge den ned.

Rettferd er ein grunnverdi i det samfunnet vi i Arbeiderpartiet vil skape. Rettferdig fordeling av ressursar, rettferdig lønn og gode arbeidsforhold er alle ting vi har jobba for, og framleis jobbar for. Ikkje for at alle skal bli like – men for at alle skal få like moglegheiter til å leve eit verdig liv.

Å dele fører til ein følelse av samfunnsansvar. Eit ansvar vi er villige til å ta. Med økonomisk ustabilitet, global helsekrise og klimakrisa rett rundt hjørnet treng vi å stå saman meir enn nokon gong.

Menneske har stått av krise etter krise i historia; vi skal klare det denne gongen og, men ikkje kvar for oss – saman!