Galskap å leggja ned Bryggja omsorgssenter

Det var med vantru vi las i Fjordenes Tidende 5.12.23 at Stad kommune vil leggja ned omsorgsheimen på Bryggja.

Svigermora mi budde der i fleire år og hadde det svært godt. Det er ein fin plass for dei eldre. Nydeleg og naturskjøn plassering, kjekke rom, omsorgsfulle tilsette og god pleie.  I dagens verd med klimakrise kan vi ikkje berre sanere eldre bygg og byggja nytt. Eg reknar med at plassane på Bryggja sjølsagt må erstattast med eit nytt bygg, også på grunn av stadig fleire gamle i åra som kjem. Nybygg gjer meir klimautslepp. Vi må ta vare på og rehabilitera eldre bygg vi har mykje meir enn gjort til no.

Bryggja omsorgssenter blei sogar totalrehabilitert og bygd på i 2005, også med brannverntiltak skriv Fjordenes Tidende 8. desember. Kva skal gjerast med bygget? Byggjast om eller sanerast? Kor mykje vil ikkje eit nytt omsorgssenter koste som Bryggja absolutt bør ha?  Hundretals millionar?

Har Stad kommune verkeleg råd til det? Dårleg branntryggleik var visstnok hovudårsak til vedtaket. Utbetring for 14 millionar kroner er vel ikkje all verda. Er bygget bra elles, til dømes tilstanden på taket, vindauga, el-anlegga, varmeisolering med meir?

Ein annan viktig grunn for å halde på Bryggja omsorgssenter er at det ikkje blir så lange avstandar som til dømes åt Selje for dei pårørande når dei kjem på vitjing. Det vert og ei utrygg omstilling for bebuarane å flytta til ein annan stad.

Eg har bede Stad kommune om å få rapporten som konsulentfirmaet Norconsult har laga som grunnlag for politikarane si avgjerd. Den vil truleg gje meir svar på alle spørsmål. Utrykkingstida til brannvesenet er meir enn 10 minutt. Då må bygget oppgraderast med ymse brannverntiltak som koster 14 millionar kroner. Det er i alle høve ein svært liten kostnad i forhold til prisen på eit nytt omsorgssenter.

Politikarane bør også lesa sine valprogram og kva dei lova like før valet i haust slik andre har skrive om i avisa. Bryggja omsorgssenter er eit bra bygg og bør absolutt heller oppgraderast for å stå høvleg godt i mange år endå.