Holmaneset – kva skjer med Svelgen?

Det vi så langt veit, er at regjering og storting har bestemt seg for å løyse det aukande energibehovet framover med vasskraft, vindturbinar på land og til havs, ammoniakk og hydrogen.

Om dette er rett medisin for framtida, kan sjølvsagt diskuterast i det vide og breie. Svaret ligg der framme ein stad. Beslutninga er tatt og økonomiske føringar er lagt for satsing på vind, ammoniakk og hydrogen, og då vert det slik uansett kva den einskilde av oss eller kommunane måtte meine.

Spørsmålet vert i dette høvet om Fortescue skal få bygge sin fabrikk på Holmaneset i Bremanger, eller i ein annan kommune. Dette ligg til kommunestyret å ta stilling til.

Energipolitikken som har vore ført etter at energilovene vart liberalisert i 1991, har bitt ein aukande kritisk faktor i vårt samfunn.

Frå dei første vasskraftverka vart bygd og fram til ny energilov vart sett i kraft, var det ingeniørar som styrde kraftselskapa. Deira mandat var å levere trygg og rimeleg kraft til abonnentane sine.

Under den nye lova, som opna for omorganisering av kraftselskapa til aksjeselskap som kjøpte seg inn i - og kjøpte opp andre selskap, vart det økonomar som overtok styringa. No er det ikkje lenger billeg kraft til abonnentane som gjeld, det er størst mogleg utbytte til aksjonærane. El-krafta vert seld på børsen. Ikkje i Norge, men i Europa og USA. Vår kraftbørs, Nordpool, vart seld dit. Dei set prisen, og vi lyt betale.

I vårt område har vi likevel vore så «heldige» at vi har overskot på el-kraft. Grunnen er at nettkapasiteten ikkje er god nok til å transportere ut alt som kan produserast. Med andre ord har vi for tida ein god del «innelåste» kraftreservar.

Men no er Statnett i ferd med å bygge nytt nett, m.a. over Sognefjorden, så om ikkje svært lang tid vil også vi vere knytt til det sentrale nettet som vil ta undan alt vi kan produsere. Og då er også vi fullt ut underlagt børsen og marknadskreftene som styrer den. Med mindre Støre & co vil gå for den franske modellen, der dei har innført ein rimeleg el-pris for innanlands bruk og marknadspris for eksport.

I nær 100 år har smelteverket i Svelgen vore ein hjørnestein i bygda. Under skiftande eigarskap har bedrifta bygd ut og utvikla sine produkt, for nokon til å bli verdsleiande, og framstår i dag som ei solid, moderne og lønsam verksemd.

For å halde sine posisjonar i ein global marknad, må Elkem Bremanger, som alle andre tilsvarande bedrifter, minimere produksjonskostnader. I hovudsak handlar dette om automatisering og rasjonalisering. Dette har i sin tur medvirka til at talet på arbeidsplassar ved bedrifta sidan 1980-talet har gått frå i overkant av 500 til i dag ca. 250.

Paradokset her ligg i at det som er positivt for Elkem Bremanger, kan slå negativt ut for Svelgen-samfunnet.

På 1980-talet hadde Svelgen tre daglegvarebutikkar, manufaktur, skobutikk, bokhandel, kvitevarer, jernvare, bakeri og blomster.

I dag har vi att eit hotell, Coop Prix og ein saum- og garnbutikk, bad- og rørlegging. Alt anna lyt ein ut av bygda for å kjøpe.

Det synes nokså innlysande at Svelgen treng monaleg folketilvekst om kommunesenteret skal fungere som eit senter, såvel sosialt som for handel.

I lys av dette, finn eg det meir enn underleg at det kjem såpass sterke reaksjonar mot den påtenkte etableringa på Holmaneset. Kjem den ikkje her, så kjem den i ein annan kommune. Kanskje nær oss.

Det vil undre meg om hotellet og andre næringsdrivande ser seg råd til å takke nei til denne moglegheita. Det er tale om investeringar på mange milliardar og noko av dette vil falle på lokale bedrifter, om vi vil. Og som sagt, arbeidsplassar og folketilvekst er avgjerande for å skape nytt liv og optimisme i bygda.