Det er no litt over to år sidan eg skreiv min første leiarartikkel i Fjordenes Tidende.

Då skreiv eg blant anna: Vi er heldige som får vere lokalavis i eit dekningsområde der det skjer så mykje spennande. Vi skal halde fram med å løfte opp det positive engasjementet, fortelje dei gode historiane og ta pulsen på aktiviteten i området. Vi vil framleis arbeide hardt for å vere di lokalavis. For å greie det er vi heit avhengig av tips, tilbakemeldingar og ein god dialog. Eg gler meg og ser fram til samarbeidet!

No er det tid for å takke.

Tusen takk til alle som abonnerer på lokalavisa, både digitalt og på papiravisa.  Dessverre er det ikkje alltid papiravisa kjem fram til abonnenten. Dette er frustrerande. Ikkje minst for dei som hadde gledd seg til å få ei fersk utgåve av Kavringen i postkassa. Eg vil takke de som har ringt meg og fortalt at de sakna papiravisa. Takk for det som etter kvart vart gode samtaler, der eg verkeleg har forstått kor viktig lokalavisa er for dei kjære abonnentane våre.

Tusen takk til alle som engasjerer seg og deler meiningane sine gjennom lokalavisa. Her vil eg også takke for gode samtaler med fleire, der vi har snakka om Ver Varsam-plakaten, redaktørstyrte medium og ytringsfridom.

Eg har stor respekt for alle de som har delt av det som kan vere vanskeleg i livet, om sjukdom, einsemd og sakn. De er modige og gode førebilete! Eg veit at de har hjelpt fleire med å dele historia dykkar i Fjordenes Tidende. Tusen takk for dei sterke møta!

Tusen takk til alle de som brukar lokalavisa når de skal marknadsføre noko. Dei siste åra har vore tøffe for både privatøkonomien og det lokale næringslivet. Då er det kjekt å sjå at nokon likevel ser verdien med å bruke Fjordenes Tidende som marknadsføringskanal.

Fjordenes Tidende har dei siste åra gjort eit digitalt sprang. Dette er takka vere dei dyktige, innovative, nysgjerrige, modige og kreative menneska som jobbar i Fjordenes Tidende. Tusen takk for to gode, kjekke og lærerike år saman!

Takk for samarbeidet!