Denne fråsegna stod på trykk som eit innlegg i Fjordenes Tidende 7. februar.

Riksveg 15: Måløy-Otta-Stryn

Felles fråsegn frå Stryn, Eid og Vågsøy Arbeidarparti til årsmøtet i Sogn Fjordane Arbeidarparti.

Det hastar med ny tunnel på Strynefjellet. Sogn og Fjordane Arbeiderparti krev at Statens Vegvesen si tilråding om ein ny lang tunnel på 15 km mellom Skåre i Oppstryn og Breidalen i Skjåk (B1), tilrettelagt for tunnel til Opplendskedal/Geiranger, vert innarbeid i Nasjonal Transportplan ved komande rullering, som ei framtidsretta løysing for Strynefjellet for å oppnå tilnærma 100 prosent regularitet.

Dette er den mest framtidsretta løysinga for å eliminere alle skredutsette parti og legge til rette for både næringsutvikling og å få tilbake trekkruta for villrein i Breidalen. Midlar avsett i NTP 2014 - 2023 må innarbeidast i budsjettet for 2018 til planlegging av den permanente løysinga. I Nasjonal Transportplan er RV 15 Måløy – Otta omtala som ein del av åtte nasjonale transportkorridorar – korridor 6: Oslo – Trondheim med armar til Måløy, Ålesund og Kristiansund.

I gjeldande NTP er RV 15, Strynefjellet, oppført med samla kr. 820 mill. i perioden 2014 – 2023. Desse midlane må nyttast som ein del av finansieringa til den langsiktige løysinga og ikkje til mellombelse tiltak, slik samferdsleministeren har gjeve signal om. Sogn og Fjordane Arbeiderparti viser til den særs viktige funksjon som Rv. 15 har i dag som aust/vest samband for næringslivet i regionen. Denne funksjonen vart ytterlegare styrka då E39 Kvivsvegen opna hausten 2012.

Strynefjellet er i dag raskaste vegen til Trondheim frå Volda/Ørsta. Det er også det raskaste og beste alternativet mot Gardermoen/Alnabru. Sambandet har spesielt stort innslag av tungtrafikk, som tener næringslivet i regionane på begge sider av fjellet. Samstundes pågår det ei storstila opprusting av E6 Oslo – Trondheim, noko som vil styrke Rv. 15 som trafikkrute mot både Austlandet og Trøndelag. Mykje av trafikken på Fv. 60 følgjer også Rv. 15 over Strynefjellet. Gjennom utgreiingane om hurtigtog er det peika på at Otta vil bli eit viktig trafikk knutepunkt. Rv. 15 er det brei semje om lokalt i regionen og ingen debatt om traseval.

Tove Lill Refvik Volle leiar, Vågsøy Arbeidarparti

Berner Midthjell, leiar, Eid Arbeidarparti

Randi Bjørset, leiar, Stryn Arbeidarparti