Kvifor er det så stille?

Det er som om vi helst ikkje skal snakke om dette temaet. For det er så lite vi vanlege menneske på denne kloden kan gjere med denne saka. Kanskje er det best ikkje å skrive meir om det, for vi vert så urolege og skremde når fakta om dette kjem fram i lyset. Sjølvsagt kan det vere lett å forstå, men atombombetrugselen vert ikkje borte eller mindre av den grunn. Eg meiner det er viktig at vi engasjerer oss, vi sivile som bur i alle land, for vert det kjernefysisk krig, vert alt og alle råka før eller sidan.

Difor må vi saman heller aktivt krevje nedrusting, avskaffing av kjernefysiske masseøydeleggingsvåpen. Vi må heve røysta vår nasjonalt og krevje at det partiet vi røystar på, har programfesta nei til atomvåpen. Dessutan er det hjelp i å støtte internasjonale rørsler som til dømes ICAN som står i front i denne kampen. Vi må ha ein visjon om å nå ei atomvåpenfri verd.

Utanriksminister Espen Bart Eide uttrykte nettopp at det meste av alt nedrustings-arbeid har stoppa opp, men at det ikkje er nokon grunn til å gje opp. ICAN NORGE seier vi har sett mange forbetringar sidan 1970-talet, for talet på atomvåpen har blitt redusert med fleire titals tusen. Men atomtrugselen heng framleis over oss. Til dømes har Russland no 5.580 atomstridshovud.

ICAN NORGE er ein del av ein internasjonal koalisjon av organisasjonar som kjemper for å få gjennomslag for FN sitt forbod mot atomvåpen. Noreg har som kjent ikkje slutta seg til dette forbodet, enno.

Den 26. april arrangerer Norsk Folkehjelp, Røde Kors m.fl. ein internasjonal konferanse på Nasjonalmuseet om atomvåpen, risikoar og humanitære konsekvensar (impacts) for klima, matproduksjon, folkehelse, migrasjon og miljø. Eit anna viktig tema er: Kva kan føre til bruk av atomvåpen? Dette gjeld både risikoen for bevisst og utilsikta bruk. Meir om konferansen kan vi lese på «NukeEXOP Oslo».

Kva skjer om eit atomvåpen detonerer over ein norsk by? Kva er konsekvensane frå første augneblink etc.?

Dette kan vi ikkje lenger vere stille om. Det må høgt på dagsorden, for det er no vi saman kan gjere noko både nasjonalt og internasjonalt – og ikkje etterpå. Om det vert noko leveleg etterpå. Viss vi då ikkje har funne eit trygt bomberom i tide, vi som bur i denne byen, i det aktuelle område. Vi får håpe det.

Vi kjenner alle kva som skjedde i Hiroshima. No er det mange land som har tilgang til atomvåpen. Difor er konferansen i Oslo eit viktig steg for å gje oss alle meir kunnskap om følgene ved bruk av kjernefysiske våpen.

Vi må difor alle i det minste krevje at dei partia vi røystar på, sluttar seg til FN sitt forbod, slik eit stort fleirtal av verdas land og folk alt har gjort.

Så lat oss bryte atomvåpenstilla!