Kommune-Noreg må sikre innsyn og openheit

Regjeringa vil gjennom endringar i offentleglova gjere det enklare for forvaltninga å skjule interne dokument. Det må vi gjere alt vi kan for å forhindre.

Også i dag er dette dokument som det er mogleg å ikkje gje innsyn i. Med dagens lov er det likevel mogleg å finne ut at dokumenta – og dermed også viktige prosessar – eksisterer. Dersom Ap/Sp-regjeringa sitt framlegg går gjennom, vil det vere mogleg å skjule at det faktisk har føregått, eller går føre, ei saksbehandling.

Ei slik endring gjer det vanskeleg for pressa, ålmenta og politikarar å fange opp at viktige prosessar er på gang. Før prosessane er kome så langt at dei er vanskelege å snu. Det er ikkje utan grunn at eit nær samla redaktørkorps så tydeleg åtvarar mot den regelendringa.

Ein skulle tru at hemmeleghald og skjult sakshandsaming ville få trongare kår etter skandalane i sommar om uryddigheit i regjeringa sjølv. Om desse endringane likevel blir vedtekne så vil Vestland Venstre måtte ta grep. I haust vil vi foreslå i fylkestinget at Vestland fylkeskommune, i tråd med prinsippet om meirinnsyn og meiroffentlegheit, skal halde seg til reglane slik dei er i dag. Om alle fylkeskommunane og kommunane gjer slike vedtak vil det vege opp for delar av skaden regjeringa er i ferd med å påføre demokrati og openheit. At regjeringa skulle drive med utstrekt hemmeleghald, medan kommunane vel openheit, vil ikkje stå seg over tid. Slik kan Kommune-Noreg tvinge frem endring, sjølv om regjeringa sitt framlegg no skulle få fleirtal.