I aviser og sosiale medium går det ein diskusjon om Holmaneset skal nyttast til industriareal eller fritids-og rekreasjonsområde.

Som vi ofte opplever, kjem også denne diskusjonen i seineste laget. For omlag 40 år sidan vart Holmaneset selt frå Kjelkenes til Elkem Bremanger, og regulert som industriareal. Elkem hadde den gangen planer om å bygge ny rujernovn der, noko som likevel ikkje vart aktuelt.

Seinare har det vore ulike eigarar til området, alle med industrielle planer som i tur og orden har blitt forkasta.

Området har såleis vore regulert for industri i lang tid, noko som bør vere godt kjent, også av dei som i dag syner interesse for annan bruk av Holmaneset. Det bør difor ikkje overraske nokon at det vert lansert nye industriplaner på området no.

Så kan ein sjølvsagt meine mangt og mykje om konseptet som no er aktuelt, ammoniakk og hydrogen. Det er likevel regjeringa og styresmaktene som til ei kvar tid legg føringar for energipolitikken. Noko aktørane i marknaden tilpasser seg, på godt og vondt.

Resultata kjenner vi ikkje, men personleg ville eg kjent meg tryggare på stabil energiforsyning om dei styrande hadde synt større interesse for kjernekraft og termisk energi i tillegg til vasskrafta.

Og så forsyner vi jo storparten av Europa med gass! Det er difor urimeleg av EU å kreve så mykje meir av oss.