Leiar Tove Lill Refvik og gruppeleiar Frode Kupen i Vågsøy Arbeiderparti har skreve dette innlegget om situasjonen rundt skulen og barnehagen i Holvik:

Holvik skule

Vågsøy Arbeiderparti ser å lese på fjt.no den 23. februar 2016, at det er lagt ut ei sak om Holvik barnehage/skule. Samarbeidspartia til Vågsøy Arbeiderparti opplyser der at dei no har bestemt seg for å løyve pengar til utbygging av to avdelingar i barnehagen i Holvik, for å redde skulen.

Det er flott at dei no tilsynelatande har bestemt seg, men vi vil uansett påpeike nokre fakta i saka:

Det ein bør stille spørsmål med, er korleis kunne det skje at nettopp desse partia stemde ned dette forslaget, både i det siste oppvekst- og kulturutvalsmøte, og i det siste formannskapsmøtet.

Vågsøy Arbeiderparti har tidlegare vore opne på at ein vil leggje ned skulen i staden for å eventuelt leggje ned barnehagen. Barnehage er for oss den viktigast funksjonen å ha i bygdene. Ein av grunnane til at vi inngjekk samarbeidet i haust, var nettopp for å sikre barnehagen i Holvik.

Realitetsvurderinga frå Rådmannen er no lagt fram. Vågsøy Arbeiderparti skal ha fleire møter denne veka for å vurdere innhaldet i denne, og for å vurdere om vidare samarbeid kan organiserast på ein betre måte.