Planstyring i Stad kommune

Den 25.01.24 handsama kommunestyret ei sak om Oppstart planstrategi 2024–2028 for Stad kommune. Etter mi meining ei særs viktig sak for å oppnå rettferdige og føreseielege rammetilhøve for gode levekår og framtidig utvikling i kommunen vår. Eg føreset då at planane vert til gjennom gode demokratiske prosessar og følgde. Sjølvsagt kan det oppstå behov for avvik frå planar. Men det skal vere i særlege unntakstilfelle.

Under debatten var det fleire som viste stor entusiasme for saka, og framheva nødvendigheita av godt planverk å styre kommunen etter. Som tilhøyrar kunne ein lett få inntrykk av at dei meinte det det som vart uttala. Men så var det dette med liv og lære, og å leve opp til eigne utsegn.

Hamnestrategi for Stad kommune

To saker etter, i same møtet, kom der opp ei sak om Stad molo der nylege utsegner om god og langsiktig planstyring synest gløymt. Det kom fram at kommunen arbeider med å etablere ei ny fiskerihamn i tilknyting til Stad molo. Samstundes vart det opplyst at det låg føre planar om å selje den einast statleg finansierte fiskerihamna i kommunen, Borgundvåg, til private aktørar.

Dei same kommunestyrerepresentantane tala varmt og entusiastisk også i denne saka. Klart det skal etablerast ny heimehamn for Ervik Havfiske sitt nyaste flaggskip, Frøyanes. Den stikk for djupt til å leggje til i Borgundvåg. Eit nærliggjande spørsmål å stille er kor mange gangar det vil vere aktuelt for Frøyanes å leggje til kai i ytre/nordre del av kommunen. Slike båtar må vel vere i aktivt fiske så mykje som råd for å vere økonomisk rekningssvarande. Eit anna spørsmål er kven skal betale for eit slikt tiltak. Hamna i Borgundvåg kan lett utvidast for å møte framtidig fiskeribehov og mudrast slik at Frøyanes kan leggje til kai vesentleg billigare enn å byggje nytt. Erfaringane viser dessutan at det er lettare å skaffe statleg finansiering til utviding av eit eksisterande offentleg anlegg enn til ei nyetablering.

I tidlegare Selje kommune var det historisk dårlege hamnetilhøve for fiskerinæringa. I perioden 1960–1980 hadde kommunesenteret Selje ei positiv utvikling med god tilgang på arbeidsplassar innan internasjonalt retta industri og fungerande servicetilbod. På nordsida stod det dårlegare til. Behov for ny vekst og utvikling der var stort. Fiskeri var ei av næringane politikarane meinte det var verdt å satse på for å snu utviklinga. Men då måtte hamnetilhøva betrast. Det vart difor bestemt å etablere to fiskerihamner i kommunen med statleg finansieringsbistand, ei i Borgundvåg og ei i Lestovika.

For å snu den negative situasjonen på nordsida vart det rundt 1980 bestemt at hamna i Borgundvåg skulle byggjast ut først. Det som sidan har skjedd bør vere velkjend. Borgundvåg har fungert som tenkt, og i kombinasjon med svært dyktige og investeringsvillige personar ført til den fantastiske oppbygging av, og utvikling i, Ervik Havfiske. Saman med eventyrleg inntening, bedriftseigarane sin vilje til å engasjere seg i utvikling av lokalsamfunnet og andre dyktige bedriftsetablerarar, er utviklinga i denne delen av kommunen no snudd.

No er det Selje-området som treng ny vekst og utvikling. Det er difor tid for å realisere gamle, men framleis aktuelle planar for Lestovika. Etablering av ei funksjonell og moderne fiskerihamn og eit stort næringsområde med djupvasskai. Desse vart sett på vent i 2000 etter oppmoding frå Kystverket for at dei skulle koordinerast med framdrifta til Stad skipstunnel. Etter det eg kjenner til er ikkje hamneplanane for kommunen endra sidan.

Men at slike politiske signal kjem i ein situasjon der Stad kommune har ein ny hamnestrategi under utarbeiding er det vanskeleg å forstå. Hamnestrategien vert utarbeida av dyre konsulentar, og det er å forvente at kommunen hadde ein tanke med å få den på plass. Dei politiske utsegnene, saman med utviklinga av cruisekaia på Nordfjordeid kan ikkje oppfattast på annan måte enn at hamneplanane allereie er bestemte og ny hamnestrategi for Stad dermed er unødvendig. Ei svært underleg planstyring.

Det er nærliggjande å spørje om det er ein samanheng mellom dei haldningane som vert vist i denne saka og manglande engasjement i å utnytte moglegheitene skipstunnelen gir for etablering av eit optimalt anlegg i Lestovika utan kostnad for kommunen.

Andre eksempel på planstyring i Stad den siste tida:

Hotellprosjektet i Selje

Alle eg kjenner er positive til at det kjem eit nytt hotell i Selje sentrum. Det er å forstå at investorane ynskjer å få mest mogleg nytte ut av arealet dei har til disposisjon. Difor er det søkt om rammeløyve som inneheld to dispensasjonar frå nyleg vedtekne reguleringsplan utarbeida av tiltakshavar sjølve, ein frå teknisk forskrift og ein frå gjeldande arealplan for området. Men det er ikkje det same som at kommunen skal imøtekome disse.

Trass utsegner om ei svært restriktiv haldning til slike søknader, har kommunen likevel innvilga deito dispensasjonane frå reguleringsplan og ein frå gjeldande arealplan. Dette har skapt unødvendig støy rundt hotellprosjektet og splitting i lokalsamfunnet. Avslag vil ha liten negativ innverknad på hotellprosjektet. Dei har nok plass likevel, men skape nødvendig ro rundt tiltaket. Dette er kommunen sitt ansvar å syte for.

Kommunebudsjettet

På desembermøtet i 2023 handsama kommunestyret budsjettet for 2024 og handlingsplan for 2024–2027. Bakteppet var informasjon frå økonomisjefen om at det, økonomisk, stod svært dårleg til. Med utgangspunkt i rapportar pr. 31.08 og utan oppdaterte tal, vart det slege fast at kommunen hadde ei drift i samsvar med budsjett. Heile 37 mill. ville kommunen måtte ta frå disposisjonsfondet for å inn dekke driftstapet for 2023.

På bakgrunn av informasjonen frå økonomisjefen vart det teikna eit krisebilete der ord som investeringsstopp, oppbrukte fond og Robek var flittig i bruk. Politikarane var einige om at handling med stram økonomisk styring måtte til om situasjonen skulle bergast.

Handlingskrafta dei viste resulterte i at fleire vedtekne investeringsprosjekt utanfor kommunesenteret vart fjerna frå budsjettet til fordel for nye på Nordfjordeid. Samstundes vedtok dei eit driftsbudsjett for 2024 med eit underskott på ca. 64 mill. som skulle dekkast av disposisjonsfondet. Slett ikkje stram økonomistyring

Når det to månader seinare vert lagt fram tal som viser eit positivt driftsresultatet for 2023 på 1 mill., dvs. ein bom på ca. 38 mill. er det mange som undrar over korleis dette kan gå til. Riktig nok er avviket positivt, men denne budsjetteringsmetoden er dessverre ikkje av nyare dato. Dei 3 føregåande åra Stad kommune eksistert, har dei økonomiske tala som er presentert i budsjettmøtet i desember vist minst like store avvik frå faktiske tal lagt fram to månader seinare.

Kva slags økonomi- og planstyring er dette, og kor lenge skal det få fortsette? Fakta er at kommunestyret og innbyggjarane er ført bak lyset og alle budsjettvedtak i perioden er fatta på feil grunnlag. For ein utanforståande vil det vere rart om dette ikkje får konsekvensar for nokon. I private bedrifter vil slik rapportering, bevisst eller ubevisst, aldri blitt akseptert. Det vert forventa at politikarar set seg inn i saker og tek ansvar, ikkje minst i økonomistyringa av kommunen.

Symjehall i Selje

Etablering av ny symjehall var del av ein langsiktig plan i Selje kommune. Før samanslåinga var det sett av ca. kr 40 mill. som vart vidareført i Stad kommune sine budsjett. Prosjektet er sidan blitt lova gjennomført av både administrativ leiing og sentrale politikarar ved fleire høve og budsjettposten meir enn dobla. Status i dag er at ca. 10 mill. av dei avsette midlane er brukt opp på uforståeleg prosjektering og alle avsette midlar flytta over til andre prosjekt. Symjehallen i Selje vart skrinlagt på grunn av den påståtte dårlege økonomiske situasjonen i kommunen. Heller ikkje dette er døme på god planstyring.

Bryggja omsorgssenter

Bryggja omsorgssenter var velfungerande med fornuftig plassering midt i kommunen og brukarane treivst. I 2022 vart det vedteke at senteret skulle oppretthaldast. Senteret vart likevel bestemt lagt ned gjennom budsjettprosessen for 2024 også på grunn av den dårleg kommuneøkonomien. Kva trur kommuneleiinga og det politiske fleirtalet at folk på Bryggja tenkjer om dette no, etter at dei økonomiske tala for 2023 kom på bordet?