Psykisk helse og forebygging – på tide dette blir ei valkampsak!

Psykiske helsevanskar handlar om samansette årsaker, og om ein skal drive god forebygging treng ein å sjå på dei større samanhengane.

Det handlar om vanskelege livssituasjonar, oppvekstvilkår, sosial ulikskap og samfunnstrukturar, økonomiske vanskar, utanforskap, traumer, alvorleg sjukdom, livskriser, vanskar i relasjonar til andre og mykje meir.

For å drive med meir enn berre symptombehandling trengs det heilhetleg og gjennomtenkt politikk med gode verdiar i botn. Stad Arbeiderparti har som mål at heile Stad kommune skal vere eit sterkt og solidarisk fellesskap som gjev større fridom og tryggleik for enkeltmennesket.

Eg meiner at Stad Arbeiderparti har eit godt og gjennomtenkt program som famnar mange av desse områda. Verdiane dette er bygd på er ikkje utan betydning. Den praktiske politikken viser også haldningar og problemforståing.

Det å anerkjenne kompleksiteten i «det å slite psykisk» er også ein del av forebygginga vi gjer som samfunn. Dersom folk ikkje kjenner seg anerkjende i sitt samfunn eller sitt nabolag, så bryt solidaritetssfæren. Å ikkje kjenne seg som ein grunnleggande og likeverdig del av samfunnet rundt seg, lagar sprekkar i sjølvtilliten vår og påverkar banda våre til andre menneske.

Som politikar må ein reflektere over kva for eit samfunn ein er med på å skape gjennom avgjerder ein tek, og som ikkje bidreg til stigmatisering av enkeltgrupper i samfunnet. Eg er sosionom og arbeidar sjølv innan psykisk helsevern, og ser kor viktig ei slik gjennomgripande forebygging er.

Stad kommune har mange dyktige engasjert tilsette innan dei psykisk helsetenestene. Utan det gode forebyggingsarbeidet arbeidar vi i motvind, og difor er dette noko av det eg vil jobbe for dei komande fire åra her i Stad.