Skivebom om arbeidplassar, frå Raudt og INP

Store industriplanar i Florø og Svelgen er det argument både for og mot. Det er viktig med ein brei og open debatt om fordelar og ulemper når slike store vegval skal takast. Når Geir Oldeide (Raudt) og Kjell Sørland (INP) uttaler seg generelt om arbeidsplassar i samband med desse sakene, så blir eg likevel mildt sagt forundra.

I Firdaposten 18. juli får Sørland i Industri og Næringspartiet dette spørsmålet av avisa: «Har Bremanger og Svelgen, med den folketalsutviklinga vi har sett siste åra, råd til å seie nei til ei så stor satsing som hydrogenfabrikken i Svelgen vil bli?»

Til dette svarar Sørland: «Ja, det meiner vi. Eg kan dessutan ikkje sjå at det skal bli så lett å skaffe dei mellom 40 og 70 tilsette som skal jobbe ved ein slik fabrikk. Vi veit at Elkem Bremanger allereie i dag slit med å skaffe den kompetansen dei treng til ei kvar tid […]»

I Firdaposten 6. juli skriv Geir Oldeide i Raudt:

«Arbeid må alle ha og arbeidsplassar trengst sjølv om dei ikkje er såkalla grøne. Men er det underskot på arbeidsplassar i Florø? Er det mangel på arbeid som gjer at tilflyttinga til Florø ikkje er større? […] Vi høyrer stadig vekk at næringslivet seier at den største utfordringa dei har no og i framtida er å skaffe nok kvalifiserte folk til bedriftene. Vil dette betre seg dersom det kjem endå fleire aktørar som skal konkurrere om arbeidskrafta?»

Er det noko vi treng så er det arbeidsplassar. Vi treng dei i industrien, vi treng dei i det offentlege. Vi treng dei i butikken på hjørnet, og i rørleggerbedrifta. Vi treng ein miks av berekraftige arbeidsplassar som gjer at særleg unge menneske ser at dei kan skape seg ei framtid hos oss, anten dei har eit fagbrev eller ei mastergrad. Vi treng dei alle. Det er slik vi skapar vekst og folketalsauke. Det er slik vi kan byggje velferd, kulturtilbod og framtid på kysten. Fleire arbeidsplassar gjer det også lettare å rekruttere fleire flinke folk fordi desse har fleire jobbar å velje mellom, dei flyttar ikkje hit berre for den eine eine jobben.

Det er heilt sentralt å også diskutere om arbeidsplassane konkrete prosjekt tilfører er verdt det, versus ulempene dei same prosjekta har med seg. (Dette er m.a. del av dei grundige planprosessane som må gjennomførast, med tilhøyrande konsekvensutgreiing og høyringsprosessar.) Men å generelt anføre det Raudt og INP gjer, er ikkje anna enn ein total skivebom.