Har vi gitt opp?

Eg var nyleg som forelder invitert til eit møte på skulen, der politioverbetjent Pål Inge Olsen i si rolle som førebyggjande koordinator for politiet på Søre Sunnmøre, tok føre seg tema som sosiale media, foreldrerolla og grensesetting.

Etter møtet sat eg igjen med ein vond klump i magen, og følte på ei maktesløyse over korleis ting har utvikla seg, og vil fortsette å utvikle seg.

Temaet var på ingen måte nytt … Eg håpte at vi kanskje byrjar å sjå ei betring med tanke på det auka fokuset som har vore dei seinare åra med ulike kampanjar og ulike tiltak for å trygge at alle barn og unge får eit trygt og godt skulemiljø slik som dei har krav på … Men diverre var det ikkje slik.

Vi fekk høyre om eit stor antal barn og unge som gruar seg både til skule og fritid. Dei fantastiske mobiltelefonane og andre digitale plattformer som vi foreldre meiner er svært viktig at våre håpefulle er innehavar av, har gjort til at mobbing, utfrysing og hetsing kan gå føre seg 24 timar i døgnet 365 dagar i året.

Det vart også fortalt om ein stadig meir manglande respekt for politiet blant barn og unge.

Vi fekk sjå to lister med eksempel på ord og setningar som blir brukt i daglegtalen blant born på mellomtrinnet. Eksempla var henta frå to skular på Søre Sunnmøre.

Eg skal ikkje kome med konkrete eksempel få kva som stod på desse listene.

Men eg har opp igjennom åra jobba i ulike typar industri både i Norge og utanlands, og kan garantere at om nokon av mine tidlegare eller noverande arbeidskollegaer hadde snakka til kvarandre slik som våre håpefulle tydelegvis gjer på skule og nett, så hadde både fagforbund og HR avdeling med fleire blitt kopla inn raskt.

Politiet fortalde oss at dei ser ein klar trend at denne brutale språkbruken byrjar stadig tidlegare. Også heilt ned på barneskulenivå.

Om nokon blir lei seg for det som blir sagt, så unnskylder barna seg med at «Det var jo berre på kødd» …

«Det var jo berre på kødd». Hadde det fungert i er konflikt i arbeidslivet? Sannsynlegvis ikkje. Så kvifor er det ei godkjent unnskyldning blant borna våre?

Kva skjedde? Korleis vart det slik?

Vi let borna våre få mobiltelefon fordi «alle andre har» og for å kunne ringe dei om det trengst.

Ordet mobiltelefon er litt misvisande. Det er ei høgteknologisk datamaskin med moglegheit for å kunne brukast som telefon… Når såg du sist ein person under 30 år som faktisk snakka i telefonen framfor å sitje å sjå på den?

Den kan til dømes ta film og bilete av god kvalitet. Motivet kan vere ein medelev i ein sårbar situasjon og utan løyve blir det publisert for heile verda på nettet… Men slapp av: «Det var jo berre på kødd»…

Den kan brukast til å sende meldingar og publisere ting på eit enormt antal ulike media.

(Facebook er elles noko som berre vi dinosaurar brukar, og SMS veit dei knappast kva er. Så om vi foreldre trur at vi heng med i teknologien rundt sosiale medium fordi vi har ein konto på Facebook så tek vi diverre feil).

Barnet som sit i hjørnet i sofaen rett ved sidan av deg får kanskje ei melding om å gå å henge seg, eller om at han eller ho er ein «snitch» og skal døy i morgon. Men barnet seie kanskje ingenting, og vi sjølve er kanskje altfor opptekne med gullrekkja, fredagstacoen og ikkje minst vår eigen mobiltelefon.

Kanskje er det nettopp det søte, vesle barnet vårt som sit der rett ved sidan av deg som sender ut truslar eller sjikanerande meldingar til andre barn?

Er den vesle godklumpen din, som sit og kosar seg med litt uskuldig gaming på rommet sitt, i full gang saman med andre med å leite opp den eine i klassa som ikkje er like flink som dei? med formål om eit samla angrep som handlar å øydelegge for han, slik at han blir så trist og motlaus at han loggar seg av og ikkje prøvar igjen? Kanskje skal ein løyse oppgåver som eit lag? Eit lag der ein i klassa ikkje får lov å vere med?

Talet på arenaer som kan brukast til feil formål er endelaust.

I ferd med å miste kontrollen

Mot slutten av møtet kom Politiet med eit spørsmål som delvis tok nattesøvnen frå meg. Spørsmålet var veldig enkelt: Har vi gitt opp?

Eg håpar at vi ikkje har gitt opp. Men eg trur vi held på å miste kontrollen. Kvar vil dette ende?

Det er svært vanskeleg ha oversikt over sosiale medium, spel og andre arenaer. men vi har plikt til å involvere oss.

Det er vi som foreldre som har ansvaret for grensesetting, og å lære barna våre forskjell på rett og gale.

Barna våre har rett på eit privatliv, men dei har ikkje rett til å mobbe å plage andre. Å ha mobiltelefon tilgjengeleg 24/7 er ikkje ein menneskerett. Eg trur at svært få barn ville fått helseproblem av mindre telefontid.

Vi må også tørre å bry oss dersom vi ser, eller får høyre at andre sine ungar blir plaga eller utestengt.

Ja det er klare føringar på kva skulen skal foreta seg rundt ei mobbesak.

Men det er vårt klare ansvar, jobb og plikt som foreldre er å jobbe aktivt for at mobbesaka ikkje oppstår i utgangspunktet.

Vi må også ha forståing og vilje til å løyse saker der det viser seg det er vårt barn som har gjort, eller gjer noko dumt ovanfor ein annan.

Vi veit alle at det å vere forelder er kompliserte greier, og der finst ingen klar fasit. Alle born er ulike.

Det at borna også opererer i ei digital verd som vi ikkje har innsyn i, gjer diverre berre ting endå meir komplisert.

Men vi må berre fortsette å prøve så godt vi kan på å få kontroll på situasjonen. Og for borna våre si skuld, så kan vi ikkje tillate oss å gi opp.