Det er ikkje meint som eit effektiviseringstiltak å flytte 102 elevar vekk frå Måløy vidaregåande, skriv fylkesdirektøren i framlegget til høyring for ny tilbodsstruktur for dei vidaregåande skulane.

Kvifor i all verda gjere noko så drastisk som å flytte 26 prosent av elevmassen vekk frå ein skule som hadde det høgaste søkartalet i Nordfjord i inneverande år viss ein ikkje sparar pengar på det?

Nei da, ifølge framlegget er dette noko ein berre gjere for å rydde litt i tilbodstrukturhylla, sånn at ein får ein formålstenleg tilbodsstruktur. Formålstenleg for kven?

Det er i alle fall ikkje formålstenleg for elevane, familiane, næringslivet, lokalsamfunna eller folketalet i ytre Nordfjord. Kvifor skal fleire 15–16-åringar enn nødvendig måtte bu på hybel? Kvifor skal ein studiespes-elev som før hadde kort reisetid tur-retur til skulen, synest at det er bra – eller formålstenleg som det heiter – at ho eller han no må busse 2 timar og 20 minutt tur-retur skulen kvar dag? Og det er om ein bur i Måløy. Om ein bur på Kråkenes, kan ein legge til heile 60 minutt til på skulereisa. 3 timar og 20 minutt på ein buss – kvar dag! Kva med elevar frå Bremanger, Selje, Stadlandet? Og hybelbuarane? Frå Selje er det snakk om to timar og seks minutt tur-retur. Frå Stadlandet nesten tre timar tur-retur. Desse elevane risikerer også ein endå meir kronglete reiseveg enn fv. 618 og ferja frå Oldeide til Måløy.

Nei, dette verkar ikkje formålstenleg på nokon måte. Det verkar som ein feilslått Robin Hood-strategi. Ta frå den største skulen med flest elevar og flest søkarar, altså Måløy vidaregåande skule med sine 387 elevar, og gi til dei mindre. Og i same slengen gjere den mest populære skulen blant søkarane i inneverande skuleår til Nordfjords minste.

Det er vanskeleg å tru på fylkeskommunen sin argumentasjon om at lærarar på ein skule med 387 elevar slit med at dei ikkje har eit fagmiljø fordi det berre er éi klasse studiespesialisering. Der er no ein 60-70 andre lærarar på lærarrommet.

Kva med å tenke at heile skulen – i alle dei fire vgs-skulane i Nordfjord – er eit fagmiljø, eit variert og godt sådan? Dei er alle store nok til det.

Ein annan ting: Det er ikkje berre fiskarar og omsorgsarbeidarar som vel å busette seg i Måløy-området. Det er heilt rett at det er ein stolt fiskeri- og havbrukshistorie her, ein tradisjon som lever i beste velgåande, som alltid vil trenge arbeidskraft og som vi alltid skal ta vare på og juble for. Og det same med dei verdifulle helsearbeidarane. Fleire av dei seier no ingen kommunar med sunn fornuft nei takk til.

Men det er nå likevel ikkje berre den typen arbeidskraft regionen og næringslivet i regionen treng?

Både yrkeskompetanse, studiespesialisering og YSK er viktig for lokale arbeidsgivarar, sjølv om staten dei siste 20 åra har terpa i alle kanaler at alle burde velje yrkesfag. Ja, yrkesfag er viktig. Men kva med legar, lærarar, gründerar? Kva med rekruttering til kunnskapsbedrifter, teknologimiljøa, til skipsdesignmiljøet, til fem avanserte skipsverft, til akvakulturmiljøet, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, og alle dei spreke nye bedriftene? Kva med den nye store satsinga på cruise og reiseliv? Kor skal alle guidane til Måløy Adventure lære seg språk for å kunne ta seg av turistane?

Elevane på Måløy vidaregåande, frå både yrkesfag, YSK og studiespes, er allereie viktige for næringslivet lokalt. Mange vil seie dei allereie er næringslivet. Elevane er lærlingar i dei fleste bransjar og ekstrahjelper i alle slags bedrifter. Næringslivet i Måløy har eigenhendig bidratt til at programområdet Informasjonsteknologi og medieproduksjon såg dagens lys, og nyttar seg av arbeidskrafta der samtidig som dei er mentorar for elevane. Mange bedrifter, inkludert Fjordenes Tidende, har tett samarbeid med elevane på Måløy vgs. Vi har elevar frå studiespesialisering som faste spaltistar i avisa, og programområdet er vår rekrutteringsmarknad. I ei årrekke har vi hatt oppskriftsspalte med Restaurant- og matfag-linja, vi har eit tett samarbeid med medie- og videoproduksjonslinja, og vi sponsar viktige ting som Framflyt, næringslivskonferansen til ungdomsbedriftene og markedsføringsklassene.

Samarbeidet og symbiosen mellom Måløy vgs. og lokalt næringsliv, ikkje berre på yrkesfaga, men også på studiespesialisering, YSK og restaurant- og matfag har fleire gongar blitt kalla unikt.

Heldigvis er det ikkje noko vi treng å fortelje fylkespolitikarane som skal bestemme den nye tilbodsstrukturen. Det veit dei jo veldig godt allereie.

Var det ikkje fylkesordførar Jon Askeland (Sp) som for berre eit halvt år sidan sa dette offentleg om Måløy vgs: «Det spesielle her i Måløy er samspelet mellom skulen og næringslivet. Det er ikkje alle stadar dette blir gjort, men her opplever eg at det fungerer veldig bra. Så på mange måtar er skulen ein del av det lokale næringslivet. Det er noko vi må løfte fram. Det handlar om å dra i lag for å utdanne unge som skal vere med i verdiskapinga i åra framover».

Det ville no vere veldig rart om han har skifta meining såpass fort.

Så vi kan vel konstatere at arbeidsgruppa for ny tilbodsstruktur sin argumentasjon om at ein må levere det næringslivet treng, ser ut til å vere godt dekt her i Måløy-området allereie – i alle fall etter fylkeskommunen sitt syn. Ingen grunn til å rydde i hyllene.

Og heilt på tampen: Kva med heimflytting og tilflytting? Er ikkje ein god vidaregåande skule med eit breitt faggrunnlag eit trekkplaster? Er det ikkje også lurt at ungdommen får slå røter som blir litt eldre enn 15 år for at dei skal få tilknyting nok til å flytte heim igjen etter høgare utdanning eller annan kompetanseheving andre stadar. Vi kan berre sjå mot Vanylven og Bremanger kommune for å få eksempel på kor vanskeleg kampen for rekruttering blir når ein ikkje har vidaregåande skule og ungdom blir tvinga tidleg ut på hybel.

Om fylkeskommunen er ute etter ein strategi for å avfolke kysten har dei verkeleg staka ut ein god kurs.