Så var tredje og siste pappaperm over for min del.

Eg har vore med på ulike lengder dei siste åra, med 14, 10 og no 15 vekers lengde på permisjonen.

Mine tankar rundt pappaperm er at det er gull verdt å ta ut den permisjonen, for ein knyter ei vedvarande kontakt med barnet som følger ein i tida vidare i livet.

Ein blir utfordra i mange situasjonar ein må ta der og då, som ikkje nødvendigvis alltid er like gode, men det er ofte desse som fører oss tettare saman.

Det har skjedd alle tre gongane dette merkelege fenomenet, at i starten er det mange ting på ein gong, mange ting å halde styr på, ein kan tenkje at det er eit ork og at det er travelt, men så, ut i der ein plass, så skjer det noko som gjer at du og barnet plutseleg ein dag sit og ser kvarandre inn i auga og forstår at; jau no er det vel på tide at vi kjem overens. Når ein når det punktet, då går alt så mykje lettare, og mykje av det som har vore travelt fell naturleg på plass.

Vi er heldige som har slike ordningar i trygge og gode Noreg.