Fjordenes Tidende har dei siste vekene skrive om ungdom som grisekøyrer med moped og lettmotorsykkel i Måløy.

Det har blitt fortalt om ungdom som køyrer ståande på setet, med ulovlege skilt og bruker fartsdumpar som hopprampe. Mange klagar på bråk og støy i gatene på kveld og natt.

Ikkje berre er dei som køyrer slik til fare for seg sjølve, men ein utset også andre for fare med slik køyring.

Politiet har sagt til Fjordenes Tidende dei ikkje har fått inn så mange konkrete tilbakemeldingar på grisekøyring, og oppmodar framleis folk ta kontakt med politiet når ein ser slik køyring.

Kanskje må politiet meir aktivt vise seg i trafikkmiljøet? Haldningskampanjar og dialog er nok eit viktig førebyggande tiltak, men kanskje er det endå meir effektivt at politiet er i området der grisekøyringa går føre seg, og at det dermed får direkte konsekvensar?

For nokon er å køyre moped ein lidenskap og stor hobby, kanskje spesielt når ein nettopp har fått førarkortet. Det er også eit viktig hjelpemiddel for å transportere seg både til og frå skule, jobb og fritidsaktivitetar. Frå å vere avhengig av andre med å bli køyrt rundt, er ein med førarkort og moped heilt fri. Derfor kan ein spørje seg om kvifor nokon tek sjansen på å miste denne fridomen ved å grisekøyre.

Kanskje gjer dei det fordi at dei tenker at sjansen for å bli stoppa av politiet er så liten at dei ikkje treng tenke på den konsekvensen?

Å miste førarkortet på grunn av grisekøyring er uansett ikkje den verste konsekvensen. Ein konsekvens av grisekøyring kan vere at ein skadar seg, og endå verre om ein skadar nokon andre eller at liv går tapt.

Kva kan gjerast her, og kven har ansvaret? Den ansvarlege er alltid føraren av eit motorkøyretøy, men det kan vere fleire grunnar til at føraren gjer som han gjer. Føresette, venner, politi, kommunen, politikarane, samfunnet og alle rundt føraren kan vere med å påverke både handlingar og haldningar her.