Les kommentaren frå Ane Barmen:

Ein gong for hundre år sidan studerte eg kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Før eksamen bestemte eg meg for å lære meg noko fancy eg kunne tøffe meg med på den store dagen, noko som ville overraske og glede sensor og få vedkomande til å tenkje: «Oi, ho her har fylgd med i timen!».

Eg er ikkje god på pugging, men musikk, det kan eg hugse, så eg skreiv eit dikt om ulike greske søyletypar og laga melodi til. Eg lærde meg songen utanat og tenkte at no var toppkarakteren i boks. Den store dagen kom.

Og kven trur de sat der utan ei einaste oppgåve om greske søyler? Jau då, underteikna. Som sat der klar med melodien sin og alt. Ikkje ein einaste gong under studiet mitt fekk eg bruk for dette verket som eg hadde lagt så mykje arbeid ned i og som eg trudde skulle imponere alle.

Men songen, den sit som spikra i hovudet mitt den dag i dag. Til absolutt inga nytte.

Forskarar seier at hjerna sparar på informasjon ho meiner er viktig, og gjev slepp på det som er unyttig. Hjerna mi har av uklåre årsakar ei heilt anna oppfatting av kva som er nyttig informasjon og ikkje enn resten av samfunnet, for eg hugsar allslags tull eg aldri har bruk for, og gløymer glatt det som kan vere lurt å kunne.

Til dømes veit eg at Napoleon døydde 52 år gammal av magekreft, og eg kan heile den svenske nasjonalsongen utanat. Det har eg aldri hatt noko glede av. Eg kan også sitere direkte frå ei side i engelskboka mi i fjerde klasse der vi fekk vite at «Helen Keller was born in 1880 in Alabama, USA. When she was 11 months old, she fell ill».

Eg har framleis til gode å få spørsmålet: «Du Ane, når blei Helen Keller fødd, i grunnen? Og kor gammal var ho då ho blei blind?».

Eg kunne ha svart. Men ingen spør.Det er heller ingen som stiller meg inngåande spørsmål om slektstreet til «Sagaen om Isfolket», endå eg kan heile på rams. For ikkje å snakke om an, auf, hinter, in, neben, über, unter, vor, zwischen. Det vil seie, eg kan regla. Anar ikkje når eg skal bruke det.

Gangetabellen, derimot, tykkjer ikkje hjerna mi det er naudsynt å ha med seg i kvardagen. Ikkje opningstidene til Vinmonopolet heller.

Og kvar søndag kokar eg meg egg, men aldri i livet om eg kan hugse kor lenge dei skal koke for å bli perfekt blautkokte. Spør du meg om norsk geografi og elvar og kommunar blir eg flakkande i blikket og prøver å vri samtalen over på noko anna. Som bruken av greske søyler i nyklassisistisk arkitektur, til dømes. Eller oppramsing av tyske preposisjonar.

Mitt einaste håp no er å få dei rette spørsmåla i ein omgang kunnskapsspel ein laurdagskveld. Så kan eg imponere om ikkje ein sensor, så i alle fall vener og kjende med all unyttig kunnskap eg sit på om slekta til romanfigurar, dødsårsakene til franske diktatorar eller musikalsk søyleinformasjon. Eg er spenn klar for å synge.