Utdanningstilbodet komande skuleår i Nordfjord

Vi har registrert fleire innlegg knytt til opplæringstilbodet for vidaregåande opplæring i Nordfjord til hausten. Vidaregåande opplæring skaper stort engasjement i heile fylket, og vi tillèt oss difor nokre kommentarar:

Saka hovudutvalet for opplæring og kompetanse handsama 18.04 var den årlege justeringa av utdanningstilbodet, basert på søkjartala til elevane pr 1. mars. Dette skuleåret er det i underkant av 300 fleire søkjarar til vg1 i Vestland enn i fjor. Mesteparten av auken er innan yrkesfaglege program. Økonomien i fylket er stram av same årsaker som i resten av samfunnet, men likevel valde eit samrøystes hovudutval for opplæring og kompetanse å auka tilbodet med netto 8 fleire grupper enn det fylkesbudsjettet for 2024 opna for. Dette har ein kostnad på kring 15 millionar kroner, som må dekkast inn på andre område.

Den økonomiske justeringa har gjort justeringa særs krevjande i år. Hovudutvalet har fått mange innspel frå heile fylket om å oppretthalde tilbod som i år har låge søkjartal. Med stram økonomi var det ikkje mogleg å imøtekome alle innspela, men vi meiner vi fann løysingar som tok vare på innspel i heile fylket.

For Eid vidaregåande skule sin del var det tre vurderingar: Auka opp kapasiteten på vg2 elenergi og elkom, ha to klassar vg1 studiespesialiserande, sjølv om søkjartalet var 1,5 klasse eller oppretta ei halv klasse vg2 industriteknologi. Slike vurderingar er vanskelege. Yrkesopplæringsnemnda var tydelege i  rådet om å auke tilbodet på elkom. Dette vart gjort. Hovudutvalet valde å la studiespes-tilbodet vere uendra på Eid, då vi oppfatta dette som eit viktig ønske under utlysingssaka sist haust. Søkjartala til vg2 industriteknologi var under ei halv klasse, og med dei stramme økonomiske rammene fann vi ikkje rom for dette tilbodet.

Vi har merka oss at somme meiner hovudutvalet burde prioritert industriteknologi ved Eid vgs i staden for dans og drama ved Firda. For hovudutvalet var det viktig å vidareføre denne eineståande utdanninga i tidlegare Sogn og Fjordane – det vil samfunnet samla tene på. Alternativt hadde vore at dans og drama berre hadde vorte tilbydd i Bergen. Det hadde vorte ei dårleg løysing både for Nordfjord og Vestland.