Studiespesialiserande ved Måløy vidaregåande skule må bevarast

I høyringsnotatet frå Vestland fylkeskommune om framtidig struktur på vidaregåande utdanning vert det foreslått å leggje ned tilbodet i studiespesialisering ved Måløy vidaregåande skule. Eg har tenkt mykje dei siste dagane på kor annleis mitt eige liv kunne sett ut dersom dette forslaget vart banka gjennom for 25 år sidan.

Eg vaks opp i Osmundsvåg, ei god mil frå rv. 15, og det let seg rett og slett ikkje gjere å kome seg derfrå til Nordfjordeid med buss innan skulen startar – korkje då eller no. Yrkesfag var aldri noko alternativ, men hybellivet var heller ikkje eit godt alternativ for meg den gongen. Det hadde sikkert gått greit nok, men eg hadde neppe nådd dit eg er i dag.

God tilgang på studiespesialisering er eitt av dei mest effektive tiltaka vi har for å sikre sosial mobilitet. I Noreg likar vi å tenke at sonen til ein fiskeskippar og eit postbud i ei grend ute i havgapet skal ha dei same moglegheitene til å dyrke sitt talent som ei akademikerdatter i byen. Slik har det nok dessverre aldri vore, utdanning og løn går i arv i langt større grad enn det burde. Men idealet er likevel viktig.

For økonomiprofessoren kan dette argumenterast for iskaldt og teknisk. Det oppstår eit samfunnsøkonomisk effektivitetstap når kapital – herunder humankapital – ikkje utnyttast på optimalt vis. Det vil seie at skulevesenet må riggast slik at elevane i størst mogleg grad kan gjere det dei har best forutsetnader for å verte gode til. At det i ein del områder er meir bruk for yrkesfagleg kompetanse enn kandidatar med studiespesialisering spelar i så måte ingen rolle. Då må det heller leggast til rette for geografisk mobilitet slik at vaksne med ein gitt kompetanse vel å flytte og jobbe der det er etterspurnad etter deira kompetanse.

For å ta eit ikkje heilt tilfeldig døme. Det ville vore grovt sløseri med samfunnets ressursar om ein treneve som slo meir fisk av kroken enn han halte ombord men kunne memorisere 15 sider lange matematiske utleiingar skulle gått vidare med ei karriere som fiskar. (Berre spør skipperane eg reiste med.) Då er det langt meir effektivt at eg flytta til byen og vart professor, medan sonen til min professorkollega Aksel som har talent for det praktiske heller enn det akademiske reiste motsatt veg og halar line og teiner.

Effektivitetstapet vert endå større dersom yrkesvalet ein gjer samsvarar så dårleg med forutsetnadane ein har at ein fell utanfor arbeidslivet. Ei analyse av Vista bereiknar at kvar uføre kostar samfunnet ein stad mellom 17 og 20 millionar kroner i løpet av eit arbeidsliv. Litt tabloid kan ein då seie at kvar ungdom som eit godt lokalt skuletilbod bergar frå å falle utanfor arbeidslivet fullfinansierar over to års drift av studiepesialiseringslinja ved MVS. Og framleis snakkar vi kaldt økonomspråk der kostnader berre målast i kroner og ører.

Risikoen for å falle utanfor auker dessutan ikkje berre for dei som må velje feil karriere på grunn av dårleg skuletilbod, men òg for dei som vel riktig linje i høve til sine talent, men må flytte på hybel som 16-åring. Dette stiller både 16-åringen og foreldra til 16-åringen ovanfor eit vanskeleg dilemma. Skal ungdommen velje ei linje ved den lokale skulen som passar dårleg med interesser og evner, eller skal ein velje riktig linje og flytte på hybel?

Som distriktspolitikk vil det òg vere eit enormt dårleg tiltak å gjere tilgongen til studiespesialiserande dårlegare i ytre Nordfjord. Det er allereie i dag vanskeleg å rekruttere tilstrekkeleg med lærarar, legar og andre med høg og utdanning og attraktiv arbeidskraft til distrikta. Det vert rett og slett håplaust å argumentere for at unge skal flytte “heimatt” etter høgare utdanning utan at vi tilbyr ungane deira skikkelege utdanningsmoglegheiter.

Å legge ned studiespesialisering ved MVS er eit elendig forslag. Dette må stoppast.