Grøn politikk – meir enn valflesk

Denne veka har vore spennande og full av overraskingar for miljøpolitikken i Stad. Ikkje før hadde Jon Frogner frå Venstre levert eit særs godt innlegg mot helikopterturisme, så ønska Sigurd Reksnes frå Senterpartiet seg ringbuss på Eid. Kunne dette verkeleg vere same Venstre og Senterpartiet som har ivra for store vegprosjekt, meir oppdrett og monaleg med cruiseanløp? For det er jo mest logoen som har vore grøn på desse partia hittil.

Og då eg opna postkassa mi og drog opp Venstre sitt valprogram las eg endatil om ein felles forvaltningsplan for fjorden. Som om vi skulle sagt det sjølv – og det gjorde vi faktisk i i vårt valprogram i vår. Kom ikkje og sei at valprogram ikkje vert lesne. Ja, Venstre stoppa ikkje der – dei ville endatil ha trehytter for å få eit grønare reiseliv.

Vi i Stad MDG ønsker sjølvsagt desse grøne taktene velkomne! Vårt mål er å gjere berekraft viktig i alle politiske val som gjerast i Stad kommune. Vårt distrikt har naturlige fordelar i rike økosystem på land og i havet, fiske, jordbruksbygder og trygge og gode lokalsamfunn. Det vil vere viktig for matproduksjon, livskvalitet og turisme også i framtida – om vi gjer dei riktige vala i dag.

Senterpartiet er riktig nok opne på at dei likar flesk. Venstre har vel ein meir blanda diett – Alfred veit vi er veldig glad i laks til dømes. Men vi håper at dei nye taktene ikkje gløymast den dagen ein skal bestemme næringsareal, oppdrettskonsesjonar, cruiseanløp og meir. For det er ofte slik at å verne naturverdiar på lang sikt er å seie nei til utvikling og gevinst på kort sikt. Det er krevjande val i ein pressa kommuneøkonomi, og det gjer jobben med å utvikle samfunna våre meir komplisert. Taparen blir ofte naturverdiane, som gir livskvalitet til folk i dag, og som vi skal leve av i framtida.

Vi i Stad MDG samarbeider gjerne med Senterpartiet og Venstre for å gjere Stad grønare. Vi lovar å minne dei på lovnadane i valkampen. Fordi berekraft er sjølve grunnlaget for vår politikk. Stad MDG – miljøpolitikk som merkast.