Gi Kystverket pengar nok

I desse dagar skal rammene for neste års statsbudsjett leggast. Der må vi sikre at Kystverket får midlar nok til at Stad skipstunnel blir bygd. Dette er det viktigaste samferdselsprosjektet i vår tid, difor må samferdselspotten også kome sjøtrafikken til gode.

Femti prosent av alt gods i Norge går på kjøl. Men berre tre prosent av samferdselskronene går til farleier. Skal vi lukkast med å få meir tonnasje over frå veg til sjø så må også infrastrukturen til sjøs henge med. Stadhalvøya er ei barriere akkurat som ein fjellovergang. Den er til hinder for sikker og stabil samferdsel, både for nasjonal og internasjonal sjøtrafikk.

Auka godsvolum langs vegane vil krevje nye vegar, betre standard og meir vedlikehald. Auka trafikk vil og bety fleire ulukker. På sjøen ligg vegen der. Den er vedlikehaldsfri og kapasiteten er nesten uendeleg.

Den beste investeringa vi kan gjere på samferdselsbudsjettet er å avsjå nokre kroner til Kystverket. Regjeringa leverer godt på merking, utbetring av farleier og fiskerihamner, men Stad skipstunnel blir eit paradigmeskifte i satsinga på sjøvegen.

No er det Riksveg 1 sin tur!