Sommaren er her. I alle fall når vi ser på kalenderen. Nokon har allereie starta på ferie, og sommarvikarane er på plass. Sjølv om det er ferietid kan ikkje samfunnet stoppe opp. Då er det bra at nokre ungdommar og studentar vil bruke ferien sin til å vere vikar rundt om i butikkar, sjukeheimar, barnehagar og andre bedrifter.

For nokon av sommarvikarane er dette kanskje det aller første møtet med arbeidslivet. Det er mykje å sette seg inn i, og det er ikkje sikkert at ein har lært alt dei første dagane. Om du møter ein sommarvikar som kanskje brukar litt meir tid enn dei som gjer jobben til dagleg, håpar eg at du er tolmodig og hyggeleg mot ein som mest sannsynleg gjer så godt han kan. Vi kan alle vere med på å gjere arbeidsdagen god for andre.

Sjølv om ein har ferie, treng ein ikkje reise så langt for å få sommarkjensla. Prisvekst, renteauke og lav kronekurs gjer at mange ikkje kan ta seg råd til den lange ferieturen. Kanskje dette er året der du kan bruke sommarferien til å gjere seg betre kjent med din eigen region? I sommarmagasinet til Fjordenes Tidende, Havsalt sommar, får du servert eit rikt utval av aktivitetar og stader du kan besøke i Kinn, Stad og Bremanger.

Fjordenes Tidende gler seg til dekke det som skjer i lokalsamfunnet i sommar. Vi vil også oppmode alle om å støtte opp om dei lokale arrangementa og festivalane, og med det bidra til god og lokal sommarstemning.

Om du skal ut på vegen i sommar, har utrykkingspolitiet ei oppmoding til deg. Sidan vi går inn i den tida på året der det statistisk sett er mest trafikkulukker, er det viktig å ta det ro i trafikken og køyre forsiktig. Om du kjem bak ein campingbil som køyrer i sniglefart, gjeld det å ikkje la irritasjonen ta overhand. Og vi alle må vere flinke til å bruke speglane. Er du først i køen, kan du gjere sommardagen betre for alle bak deg med å køyre ut og sleppe dei forbi.

God sommar!