Holmaneset og industri – Tommel ned

Viser til det ope møte i Svelgen samfunnshus den 24.mai 2023.

I forkant av møtet opplyste kommunen på sine heimesider at innbyggjarane måtte kome med skriftlege innspel til møte innan midnatt den 22. mai, dersom dei ville ha svar på det dei måtte lure på. Stor var overraskinga då ordførar innleia møtet med å seie at det heile var feil, det var innspel til høyringane ein gjerne ville ha skriftleg, og at der eksisterte ikkje noko tidsfrist til det såkalla dialogmøtet

Det var mange frammøtte ja – folk som hadde håpa å få svar på sine spørsmål. Ordføraren hadde til og med gått ut i lokalaviser og oppmoda folk om å kome på møtet, nettopp fordi dei så kunne få «korrekte» svar på kva ei slik satsing inneber. Etter at tiltakshavar Fortescue Future Industries (FFI), hadde lagt fram planane, var det publikum sin «spørjetime». Det blei stilt gode, adekvate spørsmål frå salen, kritiske spørsmål, men som ordføraren tydelegvis ikkje likte. Nokre av spørsmåla som vi sende inn i forkant av møte, vart svara på, men på eit generelt grunnlag, av representantar i selskapet (FFI). Eg var opptatt av å få informasjon, men sat faktisk att med fleire spørsmål etter møtet enn før møtet.

I Firdaposten kunne vi dagen etter lese om ordføraren si oppfatning av møtet, der ho oppsummerer det med at folk «stort sett har tommel opp…» for prosjektet. I etterkant har eg undra meg på om ordføraren, FFI og eg, med dei andre i salen, verkeleg var på det same møtet. Det vart lagt stor vekt på einspora og einsretta informasjon om kor fint og flott alt skal bli, og mindre på relevant og viktig informasjon eller opplysning om negative konsekvensar. Her skulle prosjektet verkeleg framsnakkast og glorifiserast. Møtet var sagt skulle vare til ca 20:30, men allereie kl 19:40 ville ordføraren avblåse vidare spørsmål frå salen, kanskje ikkje så rart, sidan ein ikkje fekk svar på noko som helst. Når ordføraren i starten av møtet opplyste oss om at alle kunne stille spørsmål, for så å oppleve at det plutseleg ikkje var greit lenger, vart det heile redusert til å bli eit til dels udemokratisk og arrangert møte med kun vekt på moglege arbeidsplassar, og kor viktig dette er.

Kvifor var det så lite interessant å få spørsmål rundt ei så innmari viktig sak? I slike runder må alle sider fram! Dette er ei sak som har store konsekvensar særskilt for oss som blir den næraste naboen, men også for bygdene og grendene rundt, og for Svelgen. Det bør ikkje vere noko overrasking at vi er kritiske til både planar, prosess og dimensjonar av anlegget/fabrikken. Kvifor var det ikkje teikna inn dimensjonar på det planlagde anlegget når vi har så kort frist til å svare på områdeplanen? Med dagens teknologi er det ikkje vanskeleg å lage skisser som syner korleis dette vil sjå ut frå ulike vinklar frå fjorden.

Vi er urolege for mange forhold: vi er fleire som ikkje ynskjer ei storulykkesbedrift i ein trong fjord og i den vakraste delen av fjorden. Vi ynskjer ikkje ein koloss på høgd med Oslo Rådhus og store tankar med hydrogen og ammoniakk rett i trynet når vi er på andre sida av fjorden. Denne fabrikken skal også folk i Kalvåg, Langeneset, Midtgulen, Sande, Nesbø og Dyrstad forholde seg til kvar einaste dag, 24/7 (gløym vakre solnedgangar sett frå Svelgen!). Vi er uroa over miljøkonsekvensar til lands, i lufta og til sjøs. Vi uroar oss for at verdien på hytter og hus for oss som bur eit steinkast unna, blir lik null. Utbygginga vil rasere det økologiske mangfaldet kring Holmaneset med konsekvensar for områda rundt, herunder Tennøyane. Vi tenker på alle som i alle år har nytta området til fisking, teiner og garn, bading og friluftsliv – men pytt sann det er ikkje så viktig. Vi er bekymra for at vegen forbi Holmane blir stengd pga tryggleikstiltak i lengre periodar på grunn av anleggsarbeid og fare for utslepp (storulykke), slik at verken bilar eller utrykningskjøretøy kan kome forbi. Døgnet rundt skal vi leve med frykt for eksplosjon- og gassfare, og vi må plutseleg forholde oss til evakueringsplanar. Allemannsretten langs fjorden og i fjellet bak vil bli forringa til evig tid grunna tryggleiksoner. Vi stiller spørsmål ved korleis ein fabrikk som krev tre gonger meir energi enn Elkem Bremanger AS nyttar i dag, og like mykje som Drammen by, vil påverke straumprisane, utbygging av linjenett og press på vindkraftutbygging. Vi undrar oss over at rein energi (vasskraft) skal nyttast til å produsere mindre rein energi (ammoniakk) for så å skipast til Europa. Og store og viktige LNF-områder vert nedbygde. Kvar er konsekvensanalysa – kjem den i det heile tatt?

Det var få av spørsmåla som blei reist som fekk konkrete svar, og det er utruleg at ordføraren kan vere så udelt positiv til noko som verken kommunen eller vi veit konsekvensane av. Ordføraren verka meir opptatt av å selge prosjektet i staden for å ta med seg innspela vidare frå bekymra innbyggjarar, og særleg innspel frå dei unge i salen. I staden for å lytte til dei unge som tok ordet om viktigheita av natur og bulyst, drog ordføraren heller historia om kva ho sjølv meinte var viktig då ho flytta til Bremanger, for mange år sidan, og det var å få ein jobb. Eg vil tru at tilgang til natur, friluftsliv og fint nærmiljø også var viktig! Er det ikkje så nøye i Nordgulen? Og det vi «gamlisar» har opplevd i ungdomstida er også heilt irrelevant. Dei unge har viktige perspektiv og er opptatt av å ta vare på naturmangfald og miljø, og det må vi respektere. Det er lite attraktivt for unge og barnefamiliar å busetje seg i Nordgulen når dei må forholde seg til støy og lysplager, og å sjå rett på monstertankar og industrianlegg kvar einaste dag. Og må ha to storulykkeanlegg tett på. Eg er rimelig trygg på at Bremanger kommune vil kunne oppleve lite tilflytting av arbeidskraft. Inntekter fra personbeskatning vil gå til andre kommunar, medan Bremanger kommune og Svelgenområdet sit igjen med øydelagt natur og redusert bulyst for dei som allereie bur i denne delen av kommunen.

Ja eg forstår veldig godt at Bremanger kommune treng arbeidsplassar, det treng vel alle. Men jakta på arbeidsplassar treng ikkje å gå ut over dei som allereie har hus, hytter og fritidseigedomar her. Det er flotte natur- og buområder langs Nordgulen i dag som både fastbuande, turistar og hyttefolk brukar. Vekst må skje innafor rammene av det naturmangfaldet vi som nasjon er forplikta til å ta vare på, først då kan ein «leve, virke og nyte heile livet», skape bulyst og gjerne inspirasjon til nye arbeidsplassar.