Skal den norske fiskeflåten framleis levere klimavenleg mat til verdas bord, må politikarane sørge for like klimaavgifter som det våre utanlandske konkurrentar har.

Villfisk er truleg den mest klimavenlege maten Norge leverer. Du kan ete 25 måltid med torsk med same klimaavtrykk, som om du inntar eit måltid med biff, ifølge SINTEF. Rett nok er då biffen frå europeisk storfekjøt, som har eit høgare klimaavtrykk enn om den kjem frå norsk storfe.

No er ikkje poenget å sette dei forskjellige matkildene opp mot kvarandre, men dømet over er ein illustrasjon på at det er smart å ha meir villfanga fisk på menyen, viss ein vil redusere klimagassutsleppa.

Utsleppa av klimagassar må ned, og det raskt. Det er dei fleste forskarar, politikarar og opinionen samde om. Det er også konsensus om at klimakrisa er global, og såleis må løysast gjennom internasjonal samhandling.

Fiskeflåten tar klimakrisa på største alvor, og har god grunn til å frykte varmare og surare hav, med påfølgande fare for endringar i vandringsmønstra til sentrale fiskeartar. Flåten er moderne og har dei siste åra gjennomført ei rekke tiltak for å få drifta meir effektivt og gjere fartøya mindre energikrevande. Hybridløysingar, meir effektive skrog og endra driftsmønster er blant tiltaka som er gjennomført. Det blir elles jobba intenst i maritim sektor med å prøve ut alternative energikilder. Så langt er det likevel ikkje funne reelle alternativ til diesel for store delar av fiskeflåten.

Fiskerinæringa er som klimakrisa, global. Meir enn 95 prosent av fisken som blir tatt av norske fiskefartøy, blir eksportert til andre land. Størstedelen av fiskeressursane deler vi med andre land gjennom gjensidige avtalar der ein også kan fiske i andre land sine soner. I tillegg til å levere klimavenleg mat, er havet som matkilde stadig viktigare for å kunne brødfø eit aukande folketal i verda. Både i eit klima- men og i eit mattryggingsperspektiv er det difor avgjerande å oppretthalde ei stor, men berekraftig norsk fiskerinæring som kan levere klimavenleg mat.

Då stortingsfleirtalet slutta seg til Klimameldinga, var det semje om å auke CO₂-avgifta fram mot 2030. Det var også brei semje om at auken i avgifta for mellom anna fiskeflåten skulle kompenserast gjennom lette i andre skattar og avgifter. Fiskeflåten har fått ei kompensasjonsordning for å redusere dei ekstra kostnadene som norske fiskefartøy har i forhold til utanlandske konkurrentar som fiskar i dei same områda og på dei same fiskeslaga. Ordninga er likevel ikkje tilfredsstillande og dekker berre ein liten del av auken i CO₂-avgifta.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024 er naturleg nok klima langt framme. Avgifter er eit mykje nytta verkemiddel for å justere ein politikk inn på den kursen ein ønskar. Slik er det også med klimagassutslepp, der prinsippet om at forureinar skal betale gjeld i stor grad. Dette prinsippet fungerer bra i tilfelle der ein kan velge meir klimavenlege løysingar. For fiskeflåten er bildet meir samansett, og ein nasjonal auke i CO₂-avgifta kan ha mange uheldige innverknader, viss den ikkje blir kompensert gjennom andre kostnadsreduksjonar.

Det er lagt opp til å gi den norske fiskeflåten ein netto ekstrakostnad på 450 millionar kroner i 2024, utifrå regjeringa sitt budsjettforslag som no ligg i stortinget. Det er vidare lagt opp til ei differensiering av maritim sektor i klimapolitikken, der store delar av skipsfarten, men ikkje fiskefartøy, etter kvart skal inn under EU sitt kvotesystem. Denne delen av flåten vil dermed få likeverdige konkurransevilkår med resten av EØS-området i forhold til prising av utslepp. Fiskeflåten tilhøyrer det som blir omtala som «ikkje-kvotepliktig sektor», og får dermed langt dårlegare vilkår enn fiskeflåten i EØS-området, som stort sett ikkje betalar klimaavgifter. Innføringa av eit omsettingskrav for biodrivstoff frå 1. oktober i år forsterkar skilnadene.

Dette fører til ei konkurransevridning som verken er bra for økonomien eller klimaet. Fiskebåt si oppmoding i budsjettinnspurten i Stortinget, er difor å legge til rette for at vi også framover kan ha ordningar som stimulerer til eit energieffektivt fiske, og like vilkår som våre utanlandske konkurrentar. Regjeringa sin varsla klimapolitikk vil føre til kraftig nedbygging av norsk fiskerinæring. Det er ei dårleg løysing i ei tid, då verda treng meir klimavenleg mat frå havet.