«Folkevalde. Vakn opp!»

Nokre tankar kring den varsla nedlegginga av Bryggja omsorgssenter i 2024.

Det er med undring eg les argumenta til administrasjonen i Stad kommune i denne saka. Argument som er meint å overtyde våre folkevalde om at ei nedlegging er det beste for «alle».

Rapporten frå Norconsult gjev eit lite flatterande bilde av tilstanden på Bryggja omsorgssenter (BOS), som eg som pårørande ikkje kjenner igjen.

Det er tydeleg kun leita etter feil og langt frå sett dei positive sidene senteret har.

Hovedbygget er frå 1958, men totalrehabilitert i 2005-06 og det vart samtidig også bygd på ein ny fløy.

Brannteknisk vart kvart rom bygd som eigne branneiningar, med sprinkelanlegg.

I ein «rapport» , truleg intern, laga til formannskapet sitt møte 01.12.23 er det brukt tid på å beskrive eit skråloft som ikkje vart rehabilitert i 2005.

Av 9 bilder i skrivet var 4 frå dette loftet og viser ein luftekanal i eternitt (asbest).

Ein luftekanal som ikkje har vore i bruk etter rehabiliteringa.

Loftet er avlåst med ei solid jerndør og har vore det sidan 2005.

Eternitt er helseskadeleg, men ikkje når det berre ligg i ro og ikkje blir arbeidd med.

Det er med andre ord ingen fare, verken for bebuarar eller tilsette.

Alle luftekanaler i senteret var nye i 2005 og er sjølvsagt utan asbest.

Kvifor då bruke tid og argument på noko som ikkje er relevant i dag?

Ein kan berre gjere seg sine tankar om akkurat det…

Har kommunen totaloversikt over tilstanden på alle omsorgsplasser i Stad?

Kva med å vente med å konkludere med nedlegging av BOS til alle institusjonane i heile Stad kommune har blitt gjennomgått og vurdert på same vis som på Bryggja?

Dette sidan det kan komme negative rapportar frå dei andre stadane også.

Så skal det rehabiliterast og våre eldre skal framleis ha sin institusjonsplass.

Då blir det uklokt å legge ned eit velfungerande senter, når det kan bli trong for kvart einaste rom, på sikt.

Uttrykket «…brukte pengar som fulle sjøfolk» kan nok passe å bli sagt om gamle Eid kommune. Store låneopptak og nybygging, i staden for vedlikehald. Med stadige rentehevinger er det no det svir og då må ein heller ta vare på det ein har.

Ein enkel, ny sjukeheimsplass kostar i dag omlag det same som å byggje ein einebustad. Kanskje meir?

Å oppgradere BOS er såleis svært mykje billegare enn å byggje nytt.

Eldrebølja er på veg og politikarane i Stad kommune må ikkje gå baklengs inn i framtida. Det kan fort bli styggeleg dyrt?

Selje sjukeheim er ein eldre institusjon enn BOS. Eg har vore på begge stader og slik eg har sett det er romma til bebuarane nokolunde like.

Nakne institusjonsrom er aldri spesielt koselege, men med møbler, lampar og bilder på veggene er det fullt mogeleg å få eit godt bumiljø. Det er opp til bebuarane og dei pårørande å gjere det koselig, så godt som råd er på ein institusjon.

Baderomma på Bryggja, levert av Bano på Sandane, er betre og meir funksjonelle enn dei eg har sett i Selje.

Det er derfor merkeleg at Nordconsult i punktet «Estetikk og trivsel» konkluderer med at anlegget på Bryggja er «ueigna».

«Bryggja omsorgssenter framstår som eit utdatert og utslitt anlegg - bygd for heilt andre krav til omsorgstenester. Dei indre kvalitetane er låge og i den eldste bygningsmassen er det særs låg standard. Fellesrom er slitt og vert vurdert som «ukoselige». Lagerrom i 1. etg er rotete og har lite orden. Delvis låg utnytting av kapasitet gjer at mange rom står tomme og unytta og feire  etasjar er lite i bruk / ikkje i bruk i det heile. Låg bygningsmessig standard kombinert med låg funksjonalitet gjev eit lite tiltalande estetisk anlegg. Gode tenester i dette anlegget vert produsert på tross av - ikkje på grunn av.»

Eg veit at Norconsult var på vitjing hos minst ein bebuar på rommet hennar. Eit besøk på eit koseleg innreidd rom som fungerer svært bra. Ingenting av dette var med i rapporten. Kanskje var inntrykket litt for positivt til å ta med, der kun det negative skulle fram?

Manglande vedlikehald

Kva med å halde ved like det ein alt har?

Der har Stad kommune gjort fint lite både ute og inne på BOS.

Sett bort frå å halde heisen i orden er det vel ikkje så mykje kommunen kan skryte av her. I alle høve ikkje det eg har observert.

Utandørs hadde det sett ufattelig mykje verre ut om det ikkje hadde vore for den store frivillige dugnadsinnsatsen som folk i bygda har lagt ned. I løpet av året 2023 har desse brukt  langt meir tid på uteområda enn det vaktmestertenesta i Stad har gjort. Det vere seg plen- og hekk-klipping, luking i bed og bortkøyring av avfall.

Ein liten digresjon

Dei seks, separate omsorgs-leilighetene, vest for BOS, er tenkt drifta vidare, som i dag.

Her er det ingen rapport om manglar eller trong for vedlikehald?

Ei rasert leilighet har ikkje vore gjort noko med på lange tider og står tom.

Kva med vasslekasjar i shingel-tak? Vi veit alle at ingenting er vedlikehaldsfritt.

Leigetakarane her skal bu ein stad under ei eventuell rehabilitering. Då vil det vere fornuftig å kunne ha nokre rom på hovedbygget av BOS til dette.

I dag bur det 10 eldre i hovedbygget på Bryggja omsorgssenter. Kvar skal desse ta vegen om senteret blir lagt ned? Har kommunen mange plassar ledig til desse?

Det er heilt ubegripelig at denne «la-det-skure»- haldninga i Stad kommune får halde fram. Ein kan ikkje alltid bygge nytt til minst ti-gongen prisen av rehabilitering.

«Bruk og kast»-mentaliteten kan ein vel ikkje leve med framover?

Våre eldre er også blitt «bruk og kast». Etter å ha bygd opp samfunnet og betalt sin skatt gjennom eit langt liv blir dei no kasteballer i alderdommen. Det er uverdig!

Alt dette må kvar og ein av våre folkevalde ta inn over seg, før dei tek sitt standpunkt den 15. desember. Vakn opp no!