Dette er eit tilsvar frå redaktør i Fjordenes Tidende, Håvar Fagerli, på innlegget til Fredrik Egeberg.

Eg reknar med at dette korte innlegget er retta mot Fjordenes Tidende sidan det er sendt til oss. For det kunne vore lett å misforstå, sidan «florøavis» er rimeleg langt frå sanninga.

Ikkje fordi det ikkje er gode saker i Florø og bygdene rundt eller lite å skrive om. Det er mykje som skjer. Men fordi både Firdaposten, Fjordenes Tidende, og dei fleste andre lokalaviser, prioriterer kjerneområda sine.

Sjølv om vi, som dei fleste andre aviser og nettaviser, ønsker oss endå fleire lesarar, gjer vi slike prioriteringar. For det er lesarane våre vi lager avis for, og lesarvanar tar lang tid å endre. Så nei, Fjordenes Tidende er ikkje ei florøavis, fordi vi førebels ikkje har kapasitet til å utvide dekningsområdet med reine Florø-saker. Men nokre gongar dukkar det opp gode saker som vi ikkje kan la vere å dekke. Og vi skriv om politihendingar, ulykker og kriminalitet også i Florø-delen av kommunen, og ikkje minst kven som har søkt på kommunale jobbar, sjølv om jobben ligg i Florø-området.

Det politiske og kommunale livet i Kinn kommune er det heilt sjølvsagt at vi har brei dekning av. Det som skjer eller blir bestemt her påverkar heile kommunen.

På fronten på nettavisa vår, fjt.no, ligg det i skrivande stund cirka 80 saker. Ingen handlar om Florø. Så det kan ikkje ha vore nokon av dei du blei lei av å klikke på. I papiravisa som kjem ut tysdag 5. juli, med nærmare 50 saker, er det ingen saker om Florø. I papiravisa som kom ut fredag 1. juli var der også nær 50 saker med smått og stort. Éin notis i den avisa handla om Florø, ei brannutrykking der mislykka matlaging førte til at sju personar blei evakuert. Med andre ord ei sak som handlar om ressursar i Kinn brann og redning. I papiravisa tysdag 28. juni, som var ei fyldig avis, sidan den kom ut rett før Måløydagene, var der litt over 70 saker. Der handla éi sak om at ei bedrift i Kinn kommune, HyFuel i Florø, fekk heile 132 millionar i Enova-støtte. I tillegg blei Florø bibliotek og Vågsøy folkebibliotek omtalt i eit innlegg om at biblioteka i kommunen har fått lengre opningstider.

Vi takkar for at du gir oss tilbakemelding på produktet vårt. Vi set pris på engasjerte lesarar.

Vi mottar svært gjerne ei liste frå deg over kva saker du i det siste har blitt så lei av å klikke på som handlar om Florø. Det ville vere nyttig for oss å sjå kva dette er.