An, auf, hinter, in, neben, uber, unter, vor, zwischen. Tysk, sjølvsagt, og tyder høvesvis på, av, bak, inne, attmed, over, under, framfor, mellom. Dersom eg hugsar rett, så er dette preposisjonar som styrer dei to kasus akkusativ og dativ, alt etter om ein meiner «til staden», eller «på staden». I rørsle, eller i ro. Lesarane står fritt til å arrestere meg. Litt respektlaust blir det og kalla «tysklæraren si bryllaupsnatt».

Vi har hatt solid innrykk av cruiseturistar, og fleire blir det. Velkomne skal dei vere. Det er alltid kjekt med nye ansikt, og få vise dei kva plassen og regionen har å by på. Det er faktisk ikkje så reint lite. Kannesteinen, Refviksanden, Kråkeneset, Selje Kloster, Vestkapp, store, moderne fiskebåtar, eit pulserande næringsliv, historie, og sjølvsagt naturen. Alt dette er turistane interessert i, og vil høyre nærmare om.

Så langt har dei fleste vore tyskarar, eller tysktalande. Og då melder problemet seg; språket! Kven i huleste hugsar att tysktimane i grunnskulen, eller på vidaregåande? Eit språk som ikkje alltid var like lett å ta til seg, med ein noko komplisert grammatikk, og som dessverre sjeldan blir praktisert i det daglege, i motsetnad til engelsk.

Underteikna har hatt gleda av å fungere som guide på turar til Kannesteinen. Det har så absolutt vore ei kjekk oppleving, med hyggelege, interesserte gjestar, og Bjarte Færestrand som dyktig bussjåfør. Ein prøver så godt ein kan å opplyse turistane om det vi ser og opplever undervegs, på ei snodig blanding av engelsk, og det ein måtte hugse av tyske gloser. No går det stort sett greitt, men ein kan nok ane ein liten skuffelse over at språkbarrieren legg nokre hinder i vegen for den gode kommunikasjonen og informasjonen. Ein skulle til dei grader ynskt at ein hadde fylgt betre med i tysktimane, og fått praktisert språket såpass at ein heldt det nokolunde ved like.

Heldigvis har ein gode hjelparar. I mitt tilfelle ein hjelpsam og hyggeleg norsk/tyskar som bur i Almenningen, og som har vore så venleg å omsetje ei passeleg regle med informasjon som eg kan lese opp. Når det gjeld framføring og uttale, så står det nok ein god del attende å ynskje, men turistane får om ikkje anna ei lita innføring. Ulukka er sjølvsagt at dei då får det for seg at ein meistrar tysk, kjem med spørsmål om eitt og hitt, og så står ein der med buksa nede.

Her kjem ei lita bøn til dei som måtte ha lyst til å friske opp att skuletysken, og ikkje minst til skuleelevane som har tysk som valfag: Kast dykk ut i det! Turistane er hyggelege og venlege, og set pris på at vi prøver så godt vi kan å informere på morsmålet deira. Dei ser stort på om grammatikk og uttale ikkje er heilt etter boka, og at ei og anna engelsk glose må blandast inn. Ta dykk ein tur i gatene når vi har cruisebåt-besøk, svar så godt de kan dersom nokon har spørsmål, og slå dykk gjerne med på bussturar rundt om i området dersom det ligg til rette for det. Vi vil gjerne vise oss frå vår beste side, og i det kan så absolutt ligge at vi prøver etter beste evne å kome turistane i møte på språket deira. Om aldri så haltande, og om grammatikken blir sprengt til himmels.

Prøv gjerne med dette: Wir wunschen Ihnen einen angenehmen Aufenthalt! (Vi ynskjer dykk eit hyggeleg opphald).