La naturen sitt hjarte banke i oss

Det er sagt og skrive mykje om planane for ein stor hydrogen/ammoniakkfabrikk nær Svelgen, mest imot. Ordførar Anne Kristin Førde ser positivt på ei slik etablering med tanke på nye arbeidsplassar – viss prosjektet vert realisert og det vert berekraftig.

Eg har vore lite i det stort sett urørte området, men hugsar ein fin badetur dit på 1980-talet. Likevel har eg, som mange andre, meininger om bruken av dette naturområdet ved fjordmunningen under fjellet der ute, tvers over for Roland/Dyrstad. For vi lever i ei tid med enorme og svært skadelege inngrep i naturen og havet som er vårt og alt levande sitt livsgrunnlag. Eg vil difor her peike på nokre faktorar som eg meiner må telje med i vurderinga om å ta vare på dette området slik det er i dag eller ei.

Vi har no ein enorm stor og veldokumentert kunnskapsbase i høve tilstanden i naturen på kloden der vi lever og stadig gjer nye store og små inngrep. Likevel, når øydeleggingane vi har påført naturen alt er så enorme, kjem det stadig framlegg frå kapitalrike interesser i inn- og utland om meir nedbygging. Det skal gje innbyggjarane nye, sikre arbeidsplassar, kommunen tilflytting og pengar i felleskassa. Men tida er ikkje forlengst inne til å tenkje og handle annaleis?

Av og til stiller eg meg spørsmål om mange av dei som tek dei politiske avgjerdene, i sin fireårsbolk, som vedtar nye inngrep for å betre kommuneøkonomien, folketalet m.m., har god nok innsikt i følgjane for livet i naturen og for liva våre og liva til etterkommarane, viss dei går inn for å ofre meir urøyd natur i bytte mot arbeids-plassar.

Mange såg på avgjerda om nei til vindkraftutbygginga i ytre del av Bremanger som ein siger for naturen. Treng ikkje naturen ein slik siger i indre del og? Det er elles tusenvis av døme å strø om seg med i inn og utland, om irreversible inngrep, natur-inngrep som drep eller svekkar levande natur, livsgrunnlaget for mange artar for alltid og som forringar miljøet for folk.

Når det gjeld våtmark, jfr Vårmarkskonvensjonen som Noreg har ratifisert, så er område i sjø ned til seks meter, grunne bukter og strender langs kysten, inkluderte. Slik våtmarker er det i det aktuelle området i sjøen og truleg og på land. Tang- og tareskogar er viktige oppvekstområder. Ålegrasenger treng livet i sjøen.

Fleire fugleartar finn og mat i denne type natur, har sine kvile- og natteplassar og sine reir der, og truleg raudlista artar, som t.d. tjelden kan leve der. Kva hadde våren vore for oss her ved kysten om ikkje denne raudnebba fuglen var sjå i februar-marsfjæra? No er den altså på raudlista den fuglen og. Hugs at øyer og holmar er populære hekkeområde for fleire truga fugler, for der kan dei kjenne seg trygge.

Når det gjeld skogen, er vel og det meste alt sagt og skrive, men ein til og med vakker kystfuruskog, som den der ute på Holmaneset, er eit svært verdfullt habitat og for ulike artar av levande organismar, fuglar og dyr, som og vi tobeinte bør gle oss meir over å ha nær oss. Eit rekreasjonsområde er det og, vert det peika på. Urskog har vi nesten ikkje meir att av i landet (ein halv prosent av skogen), og naturskogen, (eit par prosent av skogen vår), er på sterk retur og med det mange viktige artar. Dette er ramme alvor. Kystfuruskog er det og svært lite att av i dag.

Kulturskogen, oftast gran, får stå til treet når sin konfirmsjonsalder før saga kjem og nye tre, monokulturar plantast. Gamle tre er sjeldne i dag. Miljødirektoratets miljøindeks viser at skogen framleis er det økosystemet i Noreg med dårlegast tilstand. Fuglelivet der er svært desimert. mange artar er utryddingstruga, og stoda for andre, stadig fleire artar, er svært kritisk. Tenk det! Ei framifrå god kjelde til dokumenterte fakta om dette finn vi boka til Martin Eggen (Kagge Forlag 2023): Uten fugler blir ikke livet det samme. Hvorfor fuglene forsvinner og hva vi kan gjøre for å hjelpe dem.

Eggen meiner og at naturpolitikk er tryggleikspolitikk og at det difor der no vi må stoppe den enorme nedbygginga av naturen. Hugs at berre skogsvegane i landet, 100.000 km, tilsvarar ein veg to og ein halv ganger rundt jorda. Men kan det ha noko å seie at vi raderer ut naturen i Holmanesområdet, så lite som det er i nasjonal målestokk? Enn seie i global?

Mange av fuglane, insekta, trea, blomane, organismar i sjøen etc vil i alle fall forsvinne og meir til. Vi har latt gravemaskinar og dynamitt ete godt av kommunen vi og bur i, vi har demma opp utallige vatn, reist kraftgater i fleng, jevna ut holmar, bygd i strandsonen og drenert myrer for å nemne noko av vår aktivitet. Det er berre å sjå seg rundt. Til og med Hornelen har vi kultivert den bratte delen på no.

Når skal vi stoppe? No eller etter neste inngrep? Ikkje-menneskepåverka natur er det største gode vi har både for oss sjølve og for komande generasjonar – og for besøkande frå inn- og utland. Vi har enno noko att som vi kan marknadsføre – og ikkje minst – det at vi set høgt det å ta vare på den naturen vi har att som enno er minst påverka av inngrep. Vi må tore å setje ned foten! Då vil vi heller kunne få tilflyttarar og ikkje utflyttarar.

Vi skal no utgreie konsekvensane av eit stort inngrep ved Holmaneset. Det er berre det at konsekvensane for lengst er utgreidde, nasjonalt som globalt. Og svaret er skremjande negativt for livet, for alt levande, for fuglane og oss sjølve. Natur- og klimakrisa er her og veks. Produksjon av hydrogen og ammoniakk kan ikkje rettferdiggjere inngrep i urøyrd natur, i liva til alt og alle som lever der no eller finst i nærleiken. Dei har alle same verdi som oss sjølve i det store økologiske samspelet.

Det finst nok av gjenbrukbare område i verda og i Noreg til slik kraftslukande og «bærekraftig» industri. Eg er ikkje motstandar av produksjon av hydrogen, så det er sagt, men av grønvasking.

Vi kan gjere mykje for å unngå pessimisme i høve naturkrisa. Vi kan og reklamere med eit kommunestyre som trass i utsikter til meir i kassa, seier nei, fordi vi ser vi treng å tenke på vår alles framtid, lytte til ungdomen og naboar t.d., og tru på, ja vite, at vi kan gjere noko for ei betre framtid for alle. Som Greta Tunberg sa i ein tale i 2018: Så snart vi gjør noe, kommer det håp. Så i stedet for å lete etter håp, gjør noe. Da, og bare da, finner vi håpet.

Og det er så mykje vi kan gjere. Som Martin Eggen seier treng vi eit para-digmeskifte, eit systematisk skifte i vår måte å tenke på som er av betydeleg storleik og rekkevidde. Kommunestyret i Bremanger kan ta eit første steg no. Vi må bli den neste arealnøytrale kommunen i landet!

Har vi politisk mot til det? Tør vi handle i tråd med at vi treng å verne urøyrd natur, lytte til folk – og fuglane, alt som lever – eller er mange folkevalde alt i praksis avventande positive til Fortescue Future Industries sine planar?

Kjenn etter sjølve og lytt til fakta før under og etter prosessen - og til dei små individa i naturen sine hjarte før du tek ei endeleg avgjerd. Vi står i ei eksistensiell global naturkrise – så bli ein natur- og fuglevernar, og det no!