Senterpartiet er opptatt av det skal vere samanheng mellom politikken vi står for lokalt og den vi fører nasjonalt. Derfor frontar vi dei same standpunkta i debattane i Stortinget, som dei lokale folkevalde og tillitsvalde senterpartimedlemmer har. Det handlar om å sikre gode tenester nær folk, det handlar om å skape vekst og utvikling i heile Norge og det handlar om at vi sjølve har nasjonal kontroll og styring med viktige ressursar.

Partiet Høgre har denne våre markert seg med fleire standpunkt i Stortinget som er vanskeleg å forstå at Høgre her i Sogn og Fjordane går på barrikadane for. Det har dei heller ikkje gjort. Tvert om er det ganske stilt frå Høgre sine folk lokalt om Høgre sine hovudsaker i Stortinget denne våren. Her er nokre dømer:

«Høgre vil i gang med nye kommunesamanslåingsprosessar»

Denne våren gjekk Høgre ut med eit bodskap om at nyvalde kommunestyrerepresentantar vil få «marsjordre» om å starte nabopraten med andre kommunar. Senterpartiet meiner innsatsen no må settast inn på å styrke dei lokale tenestene kommunane har ansvar for innan for eksempel eldreomsorg, helseteneste og skule – og ikkje bruke nye milliardar på store kommunesamanslåingar og andre sentraliseringsreformer som skapar meir byråkrati.

Vil Høgre sine kandidatar også i våre kommunar starte nye samanslåingsprosessar om dei blir valde? Det trur eg mange veljarar har interesse av å vite.

«Høgre meiner det hastar med å sende ny søknad om norsk medlemskap i EU»

Høgre har fleire gongar denne våren sagt at no hastar det med å få sendt ein søknad om norsk EU-medlemskap. Senterpartiet er sterkt usamd – argumenta for å sikre nasjonalt sjølvstyre og sikre at styringa over norske naturressursar blir gjort i Norge, er sterkare enn på lenge. Kva meiner Høgre lokalt?

«Høgre meiner gratisferjer, billigare flyprisar og bygdevekstavtalar er «symbolpolitikk»

Det meiner ikkje vi i Senterpartiet. Høgre foreslår å kutte desse satsingane. Gratisferje og halvering av ferjeprisane betyr mykje for kystbefolkning og næringsliv i ei tid då mange andre prisar stig. Lågare flyprisar er viktig i eit land med store avstandar og der Solberg-regjeringa sentraliserte mange tenester og tilbod. Og når Høgre er ivrige forsvarar for storbyvekstavtalane der staten bidreg inn med mange milliardar kroner er det oppsiktsvekkande at Høgre vil kutte dei forholdsvis små midlane som skal gå til vekstavtalar utanfor dei største byane. Når dei foreslår store kutt til fylkeskommunane går det ut over samferdsletilbod og andre viktige tenester som vidaregåande skular. Er Olve Grotle og høgrefolk i Sogn og Fjordane samd med Høgre sentralt i at desse satsingane skal kuttast, eller samd med Senterpartiet at vi skal styrke distriktspolitikken for å utvikle heile landet.