Mindre energisløsing – raskt!

Energikommisjonen burde foreslått noko som kan redusere straumprisane. Kommisjonen burde derfor sagt nei til vindkraft både på land og til havs. Den foreslått minska krafteksport.

Det blei det ikkje noko av. Energikommisjonen si innstilling heiter «Mer av alt – raskere». Tittelen seier tydeleg frå om at her er det lite godt nytt.

Noreg har i dag eit kraftoverskot. Nettoeksporten viser dette tydeleg. Enkelte år strekkjer eksportoverskotet seg opp mot 20 milliardar kilowattimar (20 TWh som det heiter på fagspråket).

Kommisjonen gjer det same som regjeringa og stortingsfleirtalet har gjort – dei sluker bransjen/NVE/Statnett sine påstandar om eit framtidig underskot på kraft. Ja, men underskot blir det berre dersom Noreg skal halde fram med å auke krafteksporten.

Andre faktorar som ligg inne i utrekningane som gir kraftunderskot er blant anna energisløsande hydrogenproduksjon (som i Bremanger netto no). Ifølgje NVE sitt faktaark om hydrogen vil ein bruke 55 kWh på å framstille 1 kg hydrogen som då er energiberar med energiinnhald på 33 kWh (heile 40 % tap allereie så langt).

Kommisjonen burde heller foreslått stopp i elektrifiseringa av sokkelen. Den flyttar berre klimautslepp frå norsk produksjon av gass og olje frå den norske klimarekneskapen. Utsleppa er dei same, om ikkje større, hjå forbrukarane i andre land. Dette er berre grønvasking og har kanskje til og med negativ effekt på dei same klimautsleppa.

Kommisjonen burde også ha gjeve regjering og stortingsfleirtal gode råd om korleis redusere krafteksporten. Den auka krafteksporten er kraftbransjen sitt verk fordi den også inneber prisimport frå høgkostnads-område på kontinentet og frå Storbritannia. Høgare straumprisar inneber høgare bonusar til toppleiingane i kraftselskapa og til kraftseljarar/spekulantar.

Det store bakanforliggjande problemet, er at kommisjonen ikkje foreslår å utfordre ACER og EØS. Det er opplagt at det er EØS-iveren i Ap-toppen og i Høgre som ligg bak. Det tidlegare(?) EØS-negative Sp følgjer villig med på ferda.

Kommisjonen burde, i likskap med oss alle, hatt omsynet til natur som ein premiss. Dersom det hadde vore tilfelle, hadde kommisjonen tilrådd stopp i utbygginga av vindkraft, anten det er på land eller til havs. Vi må ikkje tru at havvindkraft, ute av syne og ute av sinn, er miljøpositivt. Det kan opplagt i mange (kanskje dei fleste) tilfelle vere eit problem for fiskeriressursane våre.

Den gigantiske utbygginga av kraft som kommisjonen foreslår, må ikkje gjennomførast. Natur og miljø og ein energipolitikk som held prisane nede må vere premissen. Den eventuelt auka tilgangen på energi som vi treng, kan skaffast fram med energieffektiviseringstiltak.

Her det mange milliardar kilowattimar som kan halde varme i hus og bygningar og som kan gje grunnlag for arbeidsplassar i staden for råvareeksport. Det kan gje grunnlag for arbeidsplassar, framleis spreidd busetjing og levande distrikt. Det er det vi treng her i landet – ikkje profitable kraftselskap.