Det er så mangt ein burde snakke fram. Lokaldemokrati og ytringsfridom til dømes. Men det får vi alle ta oss av om vi nyttar røysta vår ved valet i haust. For dei politiske etablissementa held jo stort sett fram som før. Natur- og klimakriser skjer så gradvis at vi ikkje tek dei på alvor i tide, trass i åtvaringar frå vitskap og natur- og miljøforkjemparar. Urfolk er ofte dei første til å få si verd truga eller øydelagt.

Vi i den nye dyrearten menneske på denne ein gong så vakre blå kloden, har skapt ei klimakrise vi no ser dei første store følgjene av dagleg. Vi er difor på sikt på veg mot verdas ende, meiner mange. (Jf. t.d. «Om verdas ende» av Danowski/Viveiros de Castro, 2022). Alt vi kan gjere no, er å prøve å avgrense skadeverknadene av den globale olje- og gass-kulturen vår, ressursjaget, naturforbruket og den økonomiske veksten vi higer etter. Som om pengar var alt.

Enden er uansett der framme. Viss ikkje menneske og teknologi fusjonerer slik mange trur, og vi skal busette dei siste av oss der ute i rommet ein stad. Utopi dette med verdas ende? Nei, for mange urfolk, t.d. dei som lever i restane av Amazonas, er dette for lengst ein realitet. Deira verd (ordet deira for verda er Skogen) svinn dagleg når store inngrep et seg inn på dei i jakta på sjeldne metall, sjeldne jordartar til mobilane og bilbatteria våre og i vår appetitt på olje og gass og regnskog. Ved å vinne ut gull i deira verd ved hjelp av kvikksølv forgiftar vi elva dei lever av livet i.

Og så sit det moderne menneske med atomknappen vi kan velje å trykke på eller utsette å trykke på. Kva for menneskeart er vi? spør dei som dagleg mistar sitt land, si verd skogen, sine draumar, si framtid.

Urfolk som regnskogindianarar meiner vi ikkje har forstått at vi på denne måten snart får «himmelen til å dette ned og utslette oss alle». De rike, meiner dei, drøymer om meir rikdom så lenge det er noko å hente til menneska i dei (over)-utvikla landa, utan tanke på andre individ, anna levande sin verdi i dei mindre utvikla landa og urfolk som dei. I Andesfjella lever eit gamalt ordtak: Lev godt, ikkje betre. Det bør vel seie oss noko viktig.

Eg studerte ein gong sosialantropologi. Det studiet opna mange nye tankar for meg den gong om verda sine urfolk og misjoneringa av dei. I dag er det ein eigen, nyare, meir filosofisk retning innan dette feltet som t.d. boka eg nemnde er eit av mange døme på. Mytar om verdas ende finst elles i mest alle kulturar, vår inkludert.

Vi må i dag snakke fram urørt natur og dei små samfunna som lever i balanse med naturen. Dei har mykje å lære oss i dei rikaste landa som både lokalt, nasjonalt og globalt no er i ferd med å forkorte tida det er leveleg på jorda. Klimakatatrofa med global oppvarming er alt ute av vår kontroll. «The American Way of Life” må ta slutt, dit både folkerike Kina og India er på veg for å nå same forbruksstandard som vi i vesten har.

Framtidsoptimismen avtek difor hos mange, både lek og lærd. Mange unge engasjerer seg heldigvis i klima- og miljøsaka og er med på å snakke fram endring i høve nye store, øydeleggjande naturinngrep, både her i landet og elles i verda.

Det er likevel viktigast å ta dei første stega lokalt – sjølv om endetida er starta i akselererande fart – ved å snakke fram urørt natur og verne den mot store inngrep og der vi sjølve bur. For det vil enno komme mange generasjonar etter oss med større utfordringar enn dei vi no ser og lèt etter oss. Vi har berre naturen å leve av både vi og dei.

Det ekstreme klimaet er diverre komme for å bli i tusenvis av år framover, noko vi må førebu oss langt betre på lokalt og ved å vere villige til å redusere våre CO₂-utslepp langt meir enn i dag. Vi må nok alle endre måten vår å leve på og slutte å stikke hovudet i sanden.