Ny tilbodsstruktur: Kvifor signerte ikkje Stad Vekst ?

Framlegg til ny tilbodsstruktur og utdanningstilbod som vart lagt fram før påske har skapt store overskrifter i media og mykje uro i Nordfjord. Det er ikkje så rart; det som vart lagt fram var alvorleg, for elevane våre i første rekke, men også for innbyggjarar og næringsliv i Nordfjord.

Dette er ei sak som vi gjerne skulle ha vore forutan. Argument som vert presentert i media blir ofte sett på spissen, og det er lett å henge seg på og meine det eine eller det andre utan å ha den heile og fulle oversikta. Det bør ein nesten ha i slike saker for å ta best mogleg beslutningar.

Stad kommune er ei langstrakt kommune, 12 mil frå aust til vest. Stad Vekst skal kjempe for interesser til heile næringslivet i denne kommunen, frå ytst til inst. Det er ei oppgåve vi tar på alvor. Og vi ser at for næringslivet i ytre del av kommunen; Selje, Stadlandet og Bryggja så er Måløy vidaregåande skule like viktig som Eid vidaregåande skule.

Rett før påske fekk vi invitasjon frå Måløy Vekst om å utarbeide ein felles uttale for studiespesialisering på alle dei vidaregåande skulane. Vår tibakemelding på denne invitasjonen var at vi gjerne ville at alle vekstselskapa skulle møtast slik at vi kunne diskutere denne saka. Det var det ikkje gehør for, og vi fekk tysdag ettermiddag (9.4) eit utkast til fellesuttale som vi hadde frist å signere på 12.4.24.

Denne uttalen valde vi i Stad Vekst å ikkje signere på av følgjande årsaker:

  1. Stad Vekst er einige i at vi må kjempe for gode utdanningstilbod for ungdommen vår i Nordfjord. Nordfjord bør både på kort sikt og på lengre sikt fram til 2035 ha eitt så breitt tilbod som mogleg, både innan yrkesfag og studiespesialisering.

  2. Mykje er usikkert enno, og dei tilbodene som blir valt på kort sikt kan få uheldige følgjer for Nordfjord i eit lengre perspektiv.

  3. Stad Vekst meiner derfor det er naturleg at vi ser på heile strukturen og utdanningstilboda vi har i Nordfjord samla, og ikkje berre gjev ei fellesuttale på ein del av den strukturendringa som er lagt fram. Samansetjing av det totale utdanningstilbodet påverkar tilbod og moglegheit for val av programfag, og bør derfor sjåast i samanheng.

  4. Dei ulike scenario ein kan sjå framover, sett saman med framskriving av elevstatistikk og høve for gode læremiljø bør takast med og vurderast nøye. Og det er her Stad Vekst meiner vi bør vere framoverlente og så innovative som vi kan: Kan vi kombinere digital og fysisk undervisning i nokre fag (ikkje direkte nettskule)?, - kan lærarar flytte på seg?, kan vi ha fellesklasser mellom skulane? – og kan slike løysingar bidra til at vi kan forsvare mindre klasser i distrikta? Altså til dømes 10-12 elevar og ikkje krevje 15 eller 30 slik framlegget er no?

  5. Vi må sikre at vi i Nordfjord har tilgang til ei så stor breidde og val av fag som mogleg i framtida, og på lik linje med dei valmoglegheitene som ein har i andre regionar i Vestland.

  6. Høyringsfristen er 20. mai. Vi har derfor god tid til å diskutere dette skikkeleg og ta gode beslutningar til beste for alle vidaregåande skulane, og utarbeide gode argument for kvifor vi ønskjer til dømes studiespesialisering på alle dei vidaregåande skulane.

Stad Vekst er slett ikkje imot å vere med på ei fellesuttale saman med dei andre vekstselskapa, men vi meiner ei fellesuttale ikkje berre skal omhandle ein del av framlegget, men sjå heile framlegget under eitt. Vi veit at vi får utfordringar med økonomi og synkande elevtal. Akkurat derfor bør vi i Nordfjord prøve å finne gode framlegg på løysingar som imøtekjem utfordringane.