Uttale frå årsmøte i Stad SV vedrørande betre ressurs- og naturforvaltning i Stad kommune

I det siste har det i media blitt satt stort fokus på natur og nedbygging av verdifull natur. Omgrepet verdikrise har blitt dratt fram for det som skjer i Norge i dag. Kven avgjer at verdifull natur kan takast i bruk for industriell vekst? Slik det er i dag er det overlete til dei enkelte kommunar å gjere vedtak i arealbruken, og då også med tanke på industriell utbygging. Men vert dei beste avgjerdene tatt når fokuset er kapitalistisk industriell vekst?

Livet på jorda er unikt, og dei aller fleste livsformer lever i symbiose med ein eller fleire andre livsformer. Vi som har satt oss sjølve til å stå for forvaltning av natur og miljø har satt oss sjølve øvst på stigen. Mindre verdifulle livsformer må vike i nær sagt alle saker. Men veit vi godt nok om det som skjer når artar forsvinn fordi leveområda vart tatt til hyttebygging, industri og byggefelt? Vi veit noko, men føre var-prinsippet som tidlegare var framheva i mange saker, er dei seinare åra delvis forsvunne, og følgjene blir tap av artsmangfald og natur.

Dette er ikkje ny informasjon, fiske og landbruk har gjennom generasjonar jobba i takt med natur og miljø for å oppnå ein optimal og berekraftig ressursbruk. I dag vert dette overlate til det politiske miljø, og då skjer det hyppigare og hyppigare at nødvendig kompetanse ikkje vert ordentleg teke omsyn til.

Ei slik sak er den planen som ligg føre i Selje, der det er å føreslått å byggje ny brannstasjon oppå ei myr. I Noreg er det ei lovgiving for å stoppe øydelegging av myr under planlegging. Dette er ikkje ukjent for det politiske miljøet i Stad kommune, men likevel vert planen vedteken. Det er ikkje til å tru når ein samstundes føreslo minst to andre lokalitetar som ikkje ville ført til inngrep i verdifull natur.

Stad SV ser alvoret i det som skjer, og vil bidra til å få stoppe utbyggingar i verdifull natur. Gamle skogar og myrer som gir liv til tusenvis av artar er to områder som kommunen ikkje bør ha råderett over. Strandsone, elvar og bekkar likeins. Livet i fjordar og nære havområde er òg områder som er under sterkt press og i tilbakegang, for ikkje å snakke om dyrka mark som må takast vare på for matproduksjon.

Skal vi tilby neste generasjon eit land fullt av ulike livsformer og ein natur i vekst må vi ta grep no.

Stad SV vil vere med å fremje forslag om ei betre ressurs- og naturforvaltning i vår kommune. Der berekraftig utvikling fremjar natur, dyreliv og menneske, og er på ein slik måte at vi får berekraftig utvikling for alle artar.